Chongqing
Chongqing er ein byprovins og ein av dei største byane i Folkerepublikken Kina. Lik Beijing, Shanghai og Tianjin er han direkte underlagt landsstyresmaktene. Inntil 1997 vart Chongqing del av provinsen Sichuan.
重庆 Chóngqìng | |
---|---|
Andre namn | trad. kinesisk: 重慶, pinyin: Chóngqìng, Wade-Giles: Ch'úng-ch'ìng; Chungking |
Utsyn over Chongqing. | |
Styresmakter | |
Land | Folkerepublikken Kina |
Grunnlagt | 316 f.Kr. |
Geografi | |
Flatevidd | 82 403 km² |
Flatevidd - By |
82 300 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
31 442 300 382/km² |
Koordinatar | 29°33′30″N 106°34′00″E / 29.55833°N 106.56667°E |
Høgd over havet | 435 m |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 4000 00 - 4099 00 |
Telefon-retningsnummer | 23 |
Bilnummer | A, B, C, F, G, H |
Heimeside: http://www.cq.gov.cn/ | |
Nettstad: www.cq.gov.cn | |
Plassering | |
Historie endre
Frå november 1937 til mai 1946 var Chongqing midlertidig hovudstad i Republikken Kina. Chongqing vart skilt ut frå Sichuan i 1997, og vart då direkte underlagt landsstyresmaktene.
Geografi endre
Provinsen Chongqing grensar til Sichuan i vest, Shaanxi i nord, Hunan og Hubei i aust og Guizhou og Yunnan i sør. Han omfattar store delar av det viktige jordbruksområdet Sichuanbassenget, som Chang Jiang renn gjennom. Grunna mykje tåke om hausten har byen fått tilnamnet Tåkehovudstaden.
Innbyggjarar endre
Heile provinsen hadde over 31 millionar innbyggjarar i 2007, men sjølve byen Chongqing hadde 6 609 000 i år 2000. Av provinsinnbyggjarane er 94 % han-kinesarar. 1, 75 millionar høyrer til minoritetsfolk. Dei største av minoritetstgruppene i Chongqing er tujiaar (1,13 mill.) og miaoar (ca. 520 000).
Næringsliv endre
Byen har eiga hamn ved Chang Jiang, og det er mykje industri og handel i byen. Dei største industrigreinene består av bil- og motorsykkelfabrikkar, båtbyggjerier, kjemisk og petrokjemisk industri, naturgassutvinning, medisinproduksjon, og avansert jern- og stålproduksjon.
På Sichuanbassenget dyrkar ein svært mykje korn, og ris særleg langs elvane. Ein dyrkar òg appelsinar, mandarinar, tobakk og silkeormkokongar (det siste for silkeproduksjon).
Kommunikasjon endre
Kommunikasjonen frå Chongqing er god. Det går fleire jarnbanar frå byen, og vegnettverket er godt utbygt. Ein kan fly til alle større byar i Kina frå Chongqing, og elvetransport er mogleg i 400 mil.
Kultur og utdanning endre
I Chongqing finst eit universitet frå 1929, ymse høgskular, bibliotek og museum.
I Chongqing sitt Dazu-distrikt finst ei rekkje grotter med steinskulpturar frå 800 - 1200-talet som står på UNESCO si verdsarvliste.
Styresmakter endre
Leiaren for Chongqing sitt lag i Kinas kommunistparti er Chen Min'er, og borgarmeisteren er Tang Liangzhi (2019).
Kjelder endre
«Chongqing» i Store norske leksikon, snl.no. av Cato Næverdal.