Christian Wallenius

norsk fiskar og politikar

Christian Ludvik Wallenius (13. januar 188515. august 1927) var ein norsk fiskar frå Skjøtningberg i Lebesby, som representerte ArbeidarpartietStortinget 1925-26.

Christian Wallenius
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. januar 1885
Lebesby kommune
Død

15. august 1927 (42 år)

Yrke fiskar, politikar

Wallenius var son til ein fiskar i Skjøtninberg som var innvandra frå Finland. Sjølv gjekk han inn i faren sitt yrke og dreiv fiskeri frå Skjøtningberg til han døydde, frå 1909 med eiga fiskeskøyte. Periodane 1913-19 og 1922-25 var han medlem av heradsstyret i Lebesby & Kjøllefjord. Elles var han skulestyreformann i heradet 1914-15 og 1922-24, og dessutan formann i bustadnemnda i heradet 1920-24.

Hausten 1924 vart Wallenius vald til stortingsmann frå valkrinsen Finnmark. Han representerte krinsen og Det norske Arbeidarparti på Stortinget i 1925 og -26, der han var medlem i Vegkomiteen. 1927-sesjonen var han sjukmeld, og døydde same sommaren.

Kjelder endre