Christopher Frederik Lowzow

dansk-norsk offiser

Christopher Frederik Peter Theodor Lowzow (29. juni 175230. mars 1829) var ein dansk-norsk offiser.

Christopher Frederik Lowzow

Fødd29. juni 1752
FødestadDanmark
Død30. mars 1829
DødsstadBergen
Ranggeneralløytnant
KonfliktarTyttebærkrigen

Far til Lowzow var generalmajor. Allereie sju år gammal fekk sonen hans sjølv rang som fenrik i faren sitt regiment, to år seinare forfremja til sekondløytnant i Falsterske Regiment.

Frå 1769 var Lowzow offiser i Noreg. 23 år gammal vart han kaptein i 1. Oplandske Nationale Regiment, og bortsett frå tida 1783-85, då han stod i Livgarden til Fods og Prins Frederiks Regiment, var han knytt til det norske regimentet i 36 år. Han vart forfremja til generaladjutant 1781, major 1785, oberstløytnant 1790 og oberst 1803.

Under felttoget i 1788 førte Lowzow ein grenaderbataljon inn i Bohuslen. I 1806 vart han sjef for sitt gamle regiment, to år seinare sjef for reservebrigaden ved Fetsund-Vormsund. Med denne avdelinga var han i april 1808 med i slaget ved Toverud. Etter råd frå prins Christian August vart han forfremja til generalmajor, grunna sitt «militære Talent og berømmelige Forhold». Året etter utnemnd til kommandør av Dannebrogordenen.

Frå 1812 var Lowzow sjef for Bergenhusiske Regiment og kommandant på Bergenhus festning. Hausten 1814 vart han utnemnd til generalløytnant og kommanderande general i Bergens stift. Frå 1818 til 1828 var han sjef for Bergenhusiske Brigade.

Kjelder endre