Costa Cálida («Varmekysten») er ei om lag 250 km lang kyststripe langs Middelhavet i Spania i provinsen Murcia. Denne regionen har eit mikroklima med høge temperaturar (derfor namnet «Varmekysten») og tørre tilhøve (mindre enn 340 mm nedbør i året).

Costa Cálida ved Mazarrón

Geografi og plassering endre

Costa Cálida strekkjer seg frå El Mojón i nord nær provinsen Alicante, til nær kommunen Águilas i sør ved grensa til provinsen Almería.

Nord på kysten ligg Mar Menor («Veslehavet»), ein saltvasslagune på rundt 170 km² og den største i Europa. Mar Menor er fråskild Middelhavet av den 22 km lang landtunga La Manga, som er det området langs kysten der turistindustrien er mest utvikla.

Cartagena og Mazarrón er dei to viktigaste byane på kysten her.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre