Murcia er ein by søraust i Spania og regionshovudstad i den autonome regionen Murcia. Byen ligg ved elva Segura. Byen har kring 430 000 innbyggjarar og er den sjuande største i Spania. Storbyområdet rundt byen har om lag 750 000 innbyggjarar, som er det niande største i landet.

Murcia
Klokketårnet på domkyrkja ved elva.
Klokketårnet på domkyrkja ved elva.
Klokketårnet på domkyrkja ved elva.
Flagget til Murcia Byvåpenet til Murcia
Flagget til Murcia Byvåpenet til Murcia
Kallenamn
«Solbyen»
Plassering
Murcia is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Regionen Murcia
Provins Regionen Murcia
Grunnlagd 825
Borgarmeister Miguel Ángel Cámara Botía
Geografi
Flatevidd
 - By

881,86 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

433 850
  492 /km²
Koordinatar 37°59′N 1°8′W / 37.983°N 1.133°W / 37.983; -1.133
Høgd over havet 11 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 30001-30012
Telefon-retningsnummer 968
Nettstad: www.ayto-murcia.es

Murcia ligg midt på ei lågtliggande, frodig slette kalla huertaen i Murcia, og dette omfattar Seguradalen og sideelvane hennar frå høgre, Guadalentín og Sangonera. Segura er kjend som ei av dei mest forureina elvane i Europa. Region Murcia er omgjeve av to fjellkjeder, Sierra de Orihuela og Cresta de Gallo. Trass i at han ligg nær havet er klimaet variert. Somrane er særs varme, medan frost ikkje er sjeldan om vinteren. Det kjem lite nedbør i Murcia. Frå oktober 2004 til september 2005 kom det mindre enn 200 mm totalt.

Murcia-San Javier lufthamn (MJV) ligg ved Mar Menor nær byane San Javier og Santiago de la Ribera, 45 km søraust for Murcia.

Murcia er hovudsakleg ein tenesteby og universitetsby, som ikkje har like mange turistar som andre byar i det søraustlege Spania. Her finn ein likevel attraksjonar som domkyrkja i Murcia.

Namn endre

Namnet på Murcia kjem truleg frå det latinske ordet Myrtea eller Murtea, som tyder «Myrtlandet». Myrt er ei plante som veks i området. Det kan òg kome av Murtia, som i så fall tyder landsbyen til Murtius, som var eit vanleg romarnamn.

Det latinske namnet vart endra til det arabiske Mursiya og så Murcia.

Historie endre

Dagens plassering av byen vart grunnlagd med namnet Medinat Mursiya i år 825 av Abd ar-Rahman II, som var emir i Al-Andalus. Mauriske byplanleggjarar nytta seg av elva Segura og danna eit komplekst nettverk av vatningskanalar som gjorde jordbruket rundt byen rikt. Den reisande forfattaren Muhammad al-Idrisi skildra byen på 1100-talet som folkerik med sterke festningsverk. Etter at Kalifatet Cordoba fall i 1031 kom Murcia under Almería, Toledo og til slutt Sevilla. I 1172 vart han erobra av almohadane og frå 1223 til 1243 var han ei kort stund hovudstad i eit sjølvstendig kongedøme.

Kastiljanarane tok byen leie av kong Alfonso X, og enda perioden med sjølvstyre. Mange innflyttarar frå nord i Catalonia og Provence slo seg ned i byen. Etter at dei muslimske innbyggjarane var drivne bort, flytta kristne folk inn i dei nyerobra områda for å danne ein kristen base som var lojal til Castilla og som spreidde den kastiljanske kulturen til fordel for den mauriske. I denne prosessen vart mange av moskeane i byen øydelagde eller omgjorde til kyrkjer. I 1296 tok kongedømet Aragón kontrollen over Murcia og den omliggande regionen, og i 1304 vart det til slutt innlemma i Castilla etter Torrellas-traktaten.

 
Gata Trapería

Murcia blømde på 1700-talet, særleg på grunn av silkeindustrien. Mange av landmerkene i byen i dag kjem frå denne perioden. Det neste hundreåret gjekk det derimot dårleg for Murcia. I 1810 vart han plyndra av troppane til Napoleon og i 1829 vart han råka av eit jordskjelv. Om lag 6000 menneske omkom i skjelvet, som hadde dramatisk effekt på regionen. Pest og kolera følgde og byen var i fritt fall.

Byen og det omliggande områda har òg vorte råka av kraftige flaumar i 1651, 1879 og 1907. Ein elvebarde har derimot stogga dei store flaumane i seinare tid. Ein populær tursti går langs toppen av denne elvebarden.

Murcia har vore hovudstad i provinsen Murcia sidan 1838, og sidan 1982 i den autonome regionen.

Attraksjonar endre

 
Katedralen i Murcia

Den største attraksjonen i byen er katedralen. Denne vart bygd mellom 1394 og 1465. Tårnet vart ferdig i 1792. Katedralen er bygt over fleire stilartar: Gotisk, renessanse og barokk. Ved katedralen ligg Plaza de Cardenal Belluga. Her er det mange fine fortausrestaurantar. Katedralen er hovudkyrkje for bispedømmet Cartagena-Murcia.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Murcia