Crème fraîche eller creme fraiche[1] ([IPA: krɛm frɛʃ], fransk for ‘frisk fløyte’) er ein tjukk fløyte som er syrna med ein bakteriekultur, men ikkje så sur eller tjukk som rømme.[2] Crème fraîche var opphavleg eit fransk produkt, men er idag tilgjengeleg også andre stader.

Crème fraîche

Hovudskilnaden på rømme og crème fraîche er at crème fraîche er homogenisert. Difor er crème fraîche godt egna til å koke, noko rømme ikkje er sidan han lett sprekk ved koking.[3]

Bilder endre

Kjelder endre

  1. «creme_fraiche» i Nynorskordboka.
  2. «What Is Creme Fraiche?». Allrecipes (på engelsk). Henta 24. desember 2019. 
  3. «Crème fraîche - Meierileksikon hos Melk.no». Melk (på norsk). Henta 24. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Crème fraîche
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.