Crescens av Galatia

Crescens av Galatia er ein person som er nemnd i Nytestamentet, og blir rekna som ein helgen og ein av Jesu sytti disiplar. Paulus omtaler Crescens i andre brev til Timoteus (2 Tim. 4, 10), der han seier at Crescens har reist til Galatia for å forkynne.[1]

Crescens av Galatia

Silvanus, Crescens og Silas av Jesu sytti displar. Silvanus og Silas er sannsynlegvis same person.
Daud1. hundreåret
Yrkeprest
Helgendag27. juni

I følgje tidleg kristen tradisjon (Constitutiones Apostolorum) vart han biskop i Galatia.[2] I følgje seinare tradisjon forkynte han i Gallia. Han skal ha vore biskop i byen Vienne, og seinare utnemnd eleven sin Zacharias til ny biskop der.

Crescens skal ha døydd som martyr i Galatia under keisar Trajan si regjeringstid. Han er minna 27. juni i Martyrologium Romanum, men er ikkje nemnd i tidlegare verk om martyrar.[3]

Minnefestdagar endre

  • 4. januar i den julianske kalenderen - Minnefest for Jesu sytti displar (tilsvarar 17. januar i den gregorianske kalenderen)
  • 17. mai i den julianske kalenderen (30. mai i den gregorianske)
  • 30. juli i den julianske kalenderen (12. august i den gregorianske)

Kjelder endre