Crest of a Knave
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 11. september 1987
Innspelt Tidleg 1987
Sjanger Hardrock, progressiv rock, heavy metal
Lengd 39:30 (vinyl)
48:50 (CD)
Selskap Chrysalis
Produsent Jethro Tull
Jethro Tull-kronologi 
Original Masters
(1985)
Crest of a Knave 20 Years of Jethro Tull
(1988)


Singlar frå Crest of a Knave
  1. «Steel Monkey»
    Utgjeve: 1987
  2. «Said She Was a Dancer»
    Utgjeve: 1987
  3. «Jump Start»
    Utgjeve: 1987
  4. «Farm on the Freeway»
    Utgjeve: 1987
  5. «Budapest»
    Utgjeve: 1987

Crest of a Knave er det 16. studioalbumet til det engelske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i 1987. Albumet vart spelt inn etter ein tre år lang pause då Ian Anderson fekk ein strupeinfeksjon. Etter det mislukka Under Wraps, vendte bandet attende til ein tyngre stil. Albumet vart det mest suksessrike albumet deira sidan 1970-åra og dei fekk suksess på på radio og vart vist på MTV. Det fekk òg god kritikk og vann Grammyprisen i 1989 for beste hardrock eller metal-song. Albumet vart marknadsført med ein turné kalla «The Not Quite the World, More the Here and There Tour».

Produksjon endre

Trass i at Doane Perry var blitt fast medlem av Jethro Tull i 1984, vart det likevel på fleire av songane framleis nytta trommemaskin i staden for akustiske trommer. Klaverspelar Peter-John Vettese var ikkje lenger med og det var Ian Anderson som gjorde synthersizer-programmeringa. På plateomslaget er det berre Ian Anderson, Martin Barre og Dave Pegg som står oppført som offisielle bandmedlemmar. Barre sa «på dette albumet var mykje meir av musikken skriven av meg. Det er framleis bitar her og der der Ian visste kva han ville ha, men eg meiner innverknaden min er langt større på dette albumet enn andre».[1]

Plateomslaget vart designa av kunstnaren Andrew Stewart Jamieson.

På baksida av omslaget står det: «Spelt inn like rundt hjørnet frå kjøkenet i rommet bak døra som brukte å vere kvit, men som ikkje er det lengre.» Og i tillegg: «Martin ynskjer å takke Paul Hamer (Hamer Guitars). Ian og Dave ynskjer å takke nesten alle andre.»[2]

Musikalsk stil endre

Musikken på albumet er meir basert på den elektriske gitaren til Martin Barre enn han hadde vore sidan 1970-åra. Stilen er blitt samanlikna med Dire Straits, dels fordi Anderson ikkje hadde den same vokale rekkjevidda han ein gong hadde (på grunn av strupeoperasjonen).

Ian Anderson sa seinare at «'Steel Monkey' var basert kring ein sequencer-riff, og eg hadde ikkje fløyte på han. Så det var ein utypisk Jethro Tull-song som vart ein radiohit. Til samanlikning er både 'Farm On The Freeway' og 'Budapest' typiske Tull-songar. 'Budapest' er ein slik type song eg likar å skrive fordi han nyttar mange forskjellige nyansar som er forsiktig sett saman. Han går på eit vis frå klassisk til noko bluesaktig til folk og så glir han mellom dei utan at du kan sjå stinga.»[3]

Tema endre

Crest of a Knave utforskar forskjellige tema. Songen «She Said She Was a Dancer» syner korleis Tull framleis handsamar seksualitet på ein frimodig måte. Albumet inneheld den populære live-songen «Budapest», som skildrar ei sjenert, lokal kvinneleg scenearbeidar bak scenen. «Farm on the Freeway» handlar om ein bonde som har mista eigedomen sin gjennom ekspropriasjonsrett, og som no berre eig lastebilen sin. .«Mountain Men» skildrar rein scene frå andre verdskrigen i Afrika og Falklandskrigen. Ian Anderson refererte til slaga El Alamein (andre verdskrigen) og Sør-Amerika(1982), og trekte historiske parallellar til angsten som kvinnene som var att kjende på då ektemennene deira var ute i krigen.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [4]
Sputnik Music     [5]
Sounds(Mixed)[6]

Sounds' gav ei middels melding av albumet. Dei skreiv om kvaliteten og kalla opningssporet «Steel Monkey» og «Farm on the Freeway» «makalause». Men den totale evalueringa var: «Ian Anderson har på ein klok måte studert nyare heavy metal og tilpassa seg dette, og resultata er ganske imponerande. Men i forsøket sitt på å halde seg »hip«, har den hårete progressive rockeguruen blitt eit offer for ikkje berre påverknaden til moderne pop sine meir inspirerande sider, men òg til dei vondaste av dei vonde. Lukta av Mark Knopfler gjennomsyrer resten av Crest... Skamfullt og grusamt er albumet teken livet av. Det er alvorleg talt synd».[6]

AllMusic kalla seinare albumet det beste albumet deira sidan Heavy Horses, men skreiv òg: «Sanninga er at det ikkje er eit dårleg album, med eit opningsspor som kvalifiserer som hardrock og i stor grad ropar ut særpreget sitt i dei skrikande gitarlinjene til Martin Barre. »Jump Start« og »Raising Steam« rockar òg hardt, og ingen kan klage over at dette albumet er for roleg, bortsett frå den akustiske »The Waking Edge«, i lag med »Budapest« og »Said She Was a Dancer«, der Anderson gjev sitt aldrande rockestjernesyn på møte med kvinner rundt om i verda. Antikrigssongen »Mountain Men« er ein klassisk Tull-aktig elektrisk folk, med skrikande elektriske gitarar på ganske høgt volum.»[4]

Salslister endre

Albumet selde godt og fekk jamt over god kritikk. Det selde til gullplate i USA, Storbritannia og Canada, og nådde 32. plassen på albumlista i USA, 19. plassen i Storbritannia, 10. plassen i Tyskland og 7. plassen i Sveits.

Grammy endre

Crest of a Knave vann i 1989 Grammyprisen for beste hardrock/metal-album og slo den store førehandsfavoritten ...And Justice for All av Metallica og kritikarfavoritten Nothing's Shocking av Jane's Addiction.

Dette var særs kontroversielt sidan mange ikkje rekna albumet eller bandet som hardrock, og i alle fall ikkje som heavy metal. Etter råd frå manageren deira, møtte ingen frå bandet opp på prisutdelinga, sidan dei vart fortalt at dei aldri hadde ein sjanse til å vinne. Som svar til kontroversen, trykte plateselskapet til bandet, Chrysalis ei stor annonse i eit britisk musikkmagasin med linja, «The flute is a heavy, metal instrument!».[7] Grammyprisen vart delt inn i to kategoriar og gjeve nye namn etter hendinga.

I 2007 vart sigeren kåra til ein av dei ti mest kontroversielle hendinga i Grammyhistoria av Entertainment Weekly.[8]

Rolling Stone kåra hendinga til den 18. mest «utruleg hendinga i Grammyhistoria».[9]

Innhald endre

Vinyl endre

Alle songar er skrivne av Ian Anderson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Steel Monkey»3:39
2.«Farm on the Freeway»6:31
3.«Jump Start»4:55
4.«Said She Was a Dancer»3:43
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Budapest»10:05
2.«Mountain Men»6:20
3.«Raising Steam»4:05

CD endre

Nr.TittelLengd
1.«Steel Monkey»3:39
2.«Farm on the Freeway»6:31
3.«Jump Start»4:55
4.«Said She Was a Dancer»3:43
5.«Dogs in the Midwinter»4:37
6.«Budapest»10:05
7.«Mountain Men»6:20
8.«The Waking Edge»4:49
9.«Raising Steam»4:05
Bonusspor frå 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Part of the Machine»6:54

Medverkande endre

Jethro Tull
Andre musikarar
Teknisk
  • Robin Black - lydteknikar
  • Andrew Jamieson - kunstverk, kalligrafi
  • Tim Matyear - lydteknikar
  • John Pasche - kunstnarisk leiar
  • Stephen W. Tayler - lydteknikar, miksing

Kjelder endre

  1. «Jethro Tull Press: Guitar Legends, May-June 1997». Tullpress.com. Arkivert frå originalen 11. mars 2012. Henta 19. mai 2019. 
  2. «Track listing» (Jpg). Mlb-s1-p.mlstatic.com. Henta 19. mai 2019. 
  3. «Jethro Tull Press: Guitar World, September 1999». Tullpress.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 19. mai 2019. 
  4. 4,0 4,1 Bruce Eder. «Crest of a Knave - Jethro Tull | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 19. mai 2019. 
  5. «Jethro Tull - Crest of a Knave (album review )». Sputnikmusic.com. 23. august 2010. Henta 19. mai 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Jethro Tull Press: Sounds, 5. september 1987». Tullpress.com. 5. september 1987. Henta 19. mai 2019. 
  7. «The Flute is a Heavy Metal Instrument». Mlb-s1-p.mlstatic.com. Arkivert frå originalen (Jpg) 3. april 2002. Henta 10. august 2016. 
  8. «Grammy's 10 Biggest Upsets». EW.com. 2007. Arkivert frå originalen (http) 14. februar 2007. Henta 10. august 2016. 
  9. Menconi, David (22. januar 2014). «17. Best Hard Rock/Metal Performance (1989): Metal Massacre Photo - 20 Most Awesomely Retro Moments in Grammy History». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 19. april 2015. Henta 19. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff endre