Dåpskanon
Ein dåpskanon er ein spesiallaga kanon som er laga for å brukast ved dåp av oljeplattformer. Problemet ved dåp av oljeplattformer er at desse vanlegvis vert bygt på djupt vann og ikkje i umiddelbar nærleik av stranda, slik at den tradisjonellele metoden for å døypa og ønske hell og lukke med ei champagneflaske hengjande i ein snor ikkje kan nyttast.
«Ammunisjonen» i dåpskanonen er to kraftige spiralfjører som vert stramma. Når ein utløyser dei vert champagneflaska skoten mot målet, 20-50 m ut frå land. Dåpskononen vart brukt ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord og skal ha vorte brukt første gong 6. desember 1973 då oljeplattforma DB «Nordskald» vart døypt og sjøsett. Champagnekanonen finst i dag ved Kvalfangstmuseet i Sandefjord.[1]
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Dåpskanon» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2016.
- Referansar
- ↑ Aftenpostens historiemagasin nr. 10 - 2016