Dag Otto Lauritzen

Dag Otto Lauritzen (fødd 12. september 1956) er ein norsk tidlegare konkuransesyklist. No er han programleiar og sykkelekspert-kommentator for TV2.

Dag Otto Lauritzen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1956 (67 år)
Grimstad
Idrett sykkelsport
Tok del i

Tour de France, cycling at the 1984 Summer Olympics – men's individual road race, 1987 UCI Road World Rankings, 1988 UCI Road World Rankings, 1989 UCI Road World Rankings, 1990 UCI Road World Rankings

Bakgrunn endre

Dag Otto Lauritzen voks opp i Grimstad.[1] I tillegg til å vere konkuransesyklist har han tidlegare vore politimann, fallskjermjeger, leiar og partnar i eigedomsmeklarbransjen. Dag Otto er gift med Ellen, og saman har dei to born: Line og Stian.[2]

Sykkelkarriere endre

Under OL i Los Angeles i 1984 tok han bronsemedalje på fellesstarten. Han sykla i fleire år profesjonelt, og deltok blant anna åtte gongar i Tour de France. Krona på verket sette han ved å vinne ein fjelletappe den 14. juli 1987.

Som amatør tok han to NM-titlar og vann nordisk meisterskap i 1983 og 1984. Han var medlem av Glåmdal SK.

Viktigaste sigrar endre

1986 endre

  • 7. etappe i Postgirot Open

1987 endre

1990 endre

  • Noregsmeister

Profesjonelle lag endre

  • 1984–1985: Peugeot-Shell-Michelin
  • 1986: Peugeot-Shell-Velo Talbot
  • 1987–1989: 7 Eleven
  • 1990: 7 Eleven-Hoonved
  • 1991–1992: Motorola
  • 1993–1994: TVM-Bison Kit

Fjernsynsprogram endre

Deltakar endre

Medverkande programleiar endre

  • 2010–2013: På hjul med Dag Otto
  • 2014–2018: På tur med Dag Otto
  • 2020– : Kompani Lauritzen

Kjelder endre

  1. Solheim, Tor Håkon; Asprusten, David T.: Dag Otto Lauritzen i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 21. april 2023.
  2. «Dag Otto Lauritzen» (på norsk bokmål). dagotto.no. Henta 21. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dag Otto Lauritzen