Dagfinn Hjertenes

norsk politikar

Dagfinn Hjertenes (13. august 194328. februar 2006) var ein norsk næringslivsmann og politikar frå Florø. Han representerte Høgre i Sogn og FjordaneStortinget 1989-93.

Dagfinn Hjertenes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1943
Død

28. februar 2006 (62 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Hjertenes gjekk handelsskule i 1961, og ut av Befalsskulen for Infanteriet i Nord-Noreg i 1963 og sidan Bankakademiet I 1964 var han sersjant/fenrik i Brigaden i Nord-Noreg, og arbeidde deretter 1965-66 på kontor i Florø, 1967-68 som organisasjonssekretær i Hordaland Høgre og på trygdekontoret i Arna og 1968-69 i Den Vestenfjeldske Creditreformforening i Bergen. Sidan var han tilsett 1969-72 i Bergens Kreditbank, før han åra 1972-79 var driftskonsulent i Sogn og Fjordane Sparebanklag.

Hjertenes var politisk aktiv i Høgre. Han var ordførar i Flora 1980–85 og 1988–89, og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane 1989–93. På Stortinget var han medlem i Energi- og industrikomiteen 1989–90 og Forsvarskomiteen 1990–93. Han var då ein pådrivar for å få lagt oljeverksemd til heimbyen. 1990-92 var han sentralstyremedlem i Høgre.

Han lukkast ikkje verte attvald til Tinget, og var såkalla sjølvstendig næringsdrivande til 1996, deretter næringssjef i Flora kommune til 2001. Hjertenes hadde elles mange styreverv i næringslivet, mellom anna var han styreformann i Botnaneset Industriselskap 1981–2000, formann i Norsk Petroleumsforening si avdeling i Sogn og Fjordane 1986–1998 og styreformann i Vestnes Innredning 1998–2006. Elles var han styremedlem i Firda Billag 1989–2006 og i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 2000–04.

Frå 1970 til -72 var Hjertenes formann i Sportsklubben Djerv i Bergen, 1983-89 formann i Sogn og Fjordanes regionale høgskulestyre og 1994-2003 i Sogn og Fjordane idrettskrins, samt ombodsmann for Forsvaret og for sivile vernepliktige 2002–06.

Kjelder endre