Delft er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland. Han ligg mellom Rotterdam og Haag. Delft er hovudsakleg kjend for det typiske nederlandske bysentrumet (med kanalar) og for målaren Vermeer, delftfajanse og for tilknytinga til kongefamilien.

Delft
Flagget til Delft Byvåpenet til Delft
Flagget til Delft Byvåpenet til Delft


Plassering
Plassering av Delft
Plassering av Delft
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Zuid-Holland
Borgarmeister Bas Verkerk
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

24,08 km²
  23,21 km²
  0,86 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

95 770
  4 126/km²
Koordinatar 52°0′N 4°32′E / 52.000°N 4.533°E / 52.000; 4.533
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.delft.nl

Historie endre

Byen oppstod på 1200-talet og fekk byrettar i 1246.

Delft fekk tilknyting til Huset OranienVilhelm I av Oranien, med kallenamnet «Vilhelm den stillferdige» busette seg her i 1572. Vilhelm var leiaren på denne tida under kampane mot Spania i åttiårskrigen.

Delft var ein av dei leiande byane i Holland og var utstyrt med bymurar. Då Vilhelm vart skoten i 1584 av Balthazar Gerards i hallen Prinsenhof, var familien sin tradisjonelle gravplass i Breda i hendene på spanjolane. Han vart derfor gravlagd i Nieuwe Kerk (Nykyrkja) og frå den tid har kongefamilien vorte gravlagd her.

I 1654 vart byen hardt råka og over 100 menneske døydde då eit krutlager med over 40 tonn krut eksploderte.

Kjelder endre

  1. Statline

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Delft