Den heilage gralen

Den heilage gralen er i kristen mytologi ei skål, kopp eller kalk som blei brukt av Jesus ved det siste aftansmåltidet hans. Ifølgje legenda brukte Josef av Arimatea gralen til å fanga opp noko av Kristi blod medan han hang på krossen, noko som gav han mirakuløse eigenskapar. Josef tok deretter med seg gralen til Britannia, der han grunnla ein orden av gral-vaktarar. Leitinga etter gralen er eit tilbakevendande tema i Arthurlegendene og andre mellomalderromansar. At legenda blei så viktig nettopp på Dei britiske øyane, kan skyldast samanblanding med ei keltisk legende om eit kokekar med magiske evne. Ifølgje andre segner skal gralen ha stamma frå dronninga av Saba som gav han til kong Salomo. Sidan skulle Nikodemus ha fått tak i han og gitt han til Kristus.

Gralen syner seg ved den siste nattverden. Manuskript frå 1400-talet.
«Korleis ei jomfru ved borga Corbin i Sangreal (sankt Gral) og føresåg bragdene til Galahad»: illustrasjon ved Arthur Rackham, 1917.

Sjølve ordet «gral» kjem frå latin gradalis, som er namnet på ei skål med fleire trinn, og som ein nytta når ein serverte fleire småretter på ein gong.[1][2] Seinare har ho fyrst og fremst vore identifisert med kalken frå den siste nattverden. I domkyrkja i Valencia finst det ein svært gammal kalk som er forbunden med legenda. Ein annan kalk som var i Genova blei tidlegare hevda å vera gralen, men då han blei skadd i ei ulykke under transport frå Paris etter at Napoleon fall, viste det seg at «smaragden» på denne kalken var av glas, og etter dette er han sjeldan blitt nemnt som ein kandidat til å vera den ekte gralen.

Mellomalderforma av grallegenda kan sporast attende til ei gotisk legende. Ho blei skriven ned på slutten av 1100- og byrjinga av 1200-talet. Dei tidlegaste versjonane var sentrerte kring Parsifal, og blei etter kvart fletta inn i eldre former av Arthur-legenda. Gralromansane hadde opphavet sitt i Frankrike, og blei omsett til fleire språk. Det er i dei franske versjonane at ein finn dei aller fleste elementa som inngår i legenda.

Chrétien de Troyes endre

 
The Damsel of the Sanct Grael (1874) av Dante Gabriel Rossetti.

Den eldste gralromansen er den ufullendte Perceval, le Conte de Graal av Chrétien de Troyes. Han hevda at han skreiv etter ei kjelde som var gitt han av grev Philippe av Flandern. Diktet blei skrive mellom 1180 og 1191. Her har ikkje gralen nokon mirakuløse eigenskapar. Perceval får sjå gralen og andre relikviar medan han et eit måltid hjå Fiskarkongen, som skal ha vore vaktaren til gralen. Hjå Chrétien var gralen ei skål som blei brukt til å bera ein hostie inn til far til Fiskarkongen, som den einaste næringa den gamle tok til seg.

Fyrst ein generasjon etter Troyes byrja ein å snakka om gralen i bestemt form, og skildra han som eit beger, inspirert av keltiske mytar og Nikodemusevangeliet frå 400-talet.

Wolfram von Eschenbach endre

Den eldste bevarte fullstendige framstillinga av gralforteljinga, kalla Parzival, er skriven på mellomhøgtysk mellom 1200 og 1210 av Wolfram von Eschenbach. Ein har gått ut frå at mykje av forteljinga er basert på diktet til Chrétien de Troyes, men Wolfram angir den heilt ukjente diktaren Kyot frå Provence som ei viktig kjelde.

I Wolfram sitt dikt har gralen livgjevande kraft, og er i stand til å forsyna hoffet til Fiskarkongen med alt det treng for å leva. I Wolfram si soge er gralen ein stein med vedunderlege krefter som kan trylla fram mat i uavgrensa mengder og gje evig ungdom.

Nyare grallegender endre

Ein nyare versjon av grallegenda fortel at tempelriddarane hadde gralen, og at det finst arvtakarar etter denne ordenen som vaktar gralen i dag.

Ein annan versjon identifiserer gralen med eit menneske og ikkje ein gjenstand. Han er særleg knytt til Maria Magdalena, som ifølgje tradisjonen skal ha fått barn med Jesus. I boka Hellig blod, hellig gral blir gralen knytt til dei påståtte etterkommarane av paret. Ein annan versjon over same tema er presentert i Da Vinci-koden, der det er Maria Magdalena som er identifisert med gralen.

Kjelder endre

  1. «grail (n.)», Online Etymology Dictionary
  2. «gral» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den heilage gralen