Den kambriske eksplosjonen

Viktige hendingar i
den kambriske eksplosjonen
sjå • diskuter • endre
-580 —
-570 —
-560 —
-550 —
-540 —
-530 —
-520 —
-510 —
-500 —
-490 —
 
 
 
 
Mellom-
kambrium
Øvre
kambrium
 
 
Orsten-faunaen
Første trilobittar
Første sporfossil av leddyr
Påstått sporfossil av bilateriar
Siste spor av ediacara-faunaen
Ein mogeleg tidsskala for hendingar
i overgangen mellom prekambrium og kambrium.

Skala: millionar år sidan.

Den kambriske eksplosjonen er namnet på ein periode då dei fleste komplekse organismar brått dukka opp for rundt 530 millionar år sidan. Bevis for dette er dei mange fossila som er funne i berglag frå denne tida.[1][2] I tillegg oppstod det eit stort mangfald av andre organismar.[f 1][3] Før om lag 580 millionar år sidan var dei fleste organismane enkle og består av individuelle celler som stundom organiserte seg i koloniar. I løpet av dei neste 70-80 millionar åra auka evolusjonen kraftig. [f 2] og det biologiske mangfaldet byrja å likne det ein ser i dag.[4]

Den kambriske eksplosjonen har ført til omfattande vitskapleg debatt. Den brå førekomsten av fossil i berglaga vart oppdaga på midten av 1800-talet,[5] og Charles Darwin såg på dette som eit av hovudargumenta mot evolusjonsteorien hans om naturleg utval.[6]

Den kambriske eksplosjonen var i lang tid ei gåte som baserte seg på tre forhold: om den raske auken i mangfaldet av komplekse organismar verkeleg skjedde over så kort tid, kva som kunne skape ei slik rask utvikling, og kva det ville sei om opphavet og evolusjonen til dyra. Svara er vanskeleg å finne på grunn av få spor som hovudsakleg baserer seg på mangelfulle fossil og kjemiske spor frå kambriske bergartar.

Fotnotar endre

  1. Dette var både dyr, planteplankton og kalsimikrobar
  2. Som definert ut frå utrydding og tilkomst av nye artar.

Kjelder endre

  1. Kambrium
  2. Den kambriske eksplosjonen – tidspunkt, arkivert frå originalen 7. mars 2018, henta 19. august 2008 
  3. Butterfield, N.J. (2001). «Ecology and evolution of Cambrian plankton» (PDF). The Ecology of the Cambrian Radiation. Columbia University Press, New York: 200–216. Henta 19. august 2008. 
  4. Bambach, R.K., Bush, A.M., Erwin, D.H. (2007). «Autecology and the filling of Ecospace: Key metazoan radiations». Palæontology 50 (1): 1–22. doi:10.1111/j.1475-4983.2006.00611.x. 
  5. Buckland, W. (1841). Geology and Mineralogy Considered with Reference to Natural Theology. Lea & Blanchard. 
  6. Darwin, C (1859). On the Origin of Species by Natural Selection. Murray, London, Storbritannia. s. 315–316.