Die Himmel erzählen die Ehre Gottes

Die Himmel erzählen die Ehre Gottes, BWV 76, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Die Himmel erzählen die Ehre Gottes
BWV 76
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Urframføring6. juni 1723
Publiseringsdato1870
Typisk lengd33:29
Satsar/akter14
ToneartC-dur

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for andre sundag etter treeiningssundag, som dette året var 6. juni. Dette var den andre kantaten Bach komponerte etter at han vart tilsett som Thomaskantor ved Tomaskyrkja i Leipzig. Kantaten er ein av dei største han komponerte med femten satsar fordelt på to delar, og varer i snitt godt over ein halv time.

Teksten er henta frå Salme 19: 1 & 3 (første sats), Martin Luther (sats 7, 14), medan resten er av ukjend opphavsmann. Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre

Koraltemaet er basert på salmen «Es woll uns Gott genädig sein» av Martin Luther (1524).

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for to oboar, obo d’amore, fagott, strykarar, basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 14 satsar:

  1. «Die Himmel erzählen die Ehre Gottes», Koral
  2. «So lässt sich Gott nicht unbezeuget!», Resitativ for tenor
  3. «Hört, ihr Völker, Gottes Stimme», Arie for sopran
  4. «Wer aber hört, da sich der größte Haufen», Resitativ for bass
  5. «Fahr hin, abgöttische Zunft!», Arie for bass
  6. «Du hast uns, Herr, von allen Straßen», Resitativ for alt
  7. «Es woll uns Gott genädig sein», Koral
  8. Sinfonia i E-moll
  9. «Gott segne noch die treue Schar», Resitativ for bass
  10. «Hasse nur, hasse mich recht», Arie for tenor
  11. «Ich fühle schon im Geist», Resitativ for alt
  12. «Liebt, ihr Christen, in der Tat», Arie for alt
  13. «So soll die Christenheit», Resitativ for tenor
  14. «Es danke, Gott, und lobe dich», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre