Discovery Hut var ei hytte bygd av Robert Falcon Scott under Discovery-ekspedisjonen i 1902 og ligg på Hut PointRoss Island ved McMurdo Sound i Antarktis. Både den amerikanske McMurdo-basen og den newzealandske Scott-basen ligg alle på Hut Point i nærleiken av hytta. Discovery Hut ligg berre 300 meter frå McMurdo-basen.

Discovery Hut
stasjon
Discovery Hut i 2008. Ho vart reist i 1902 av Robert Falcon Scott under Discovery-ekspedisjonen.
Land  Antarktis
Stad Ross Island
 - koordinatar 77°50′45″S 166°38′31″E / 77.8458°S 166.642°E / -77.8458; 166.642
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Discovery Hut
77°50′45″S 166°38′31″E / 77.8458°S 166.642°E / -77.8458; 166.642
Discovery Hut is located in Antarktis
Discovery Hut (Antarktis)
Wikimedia Commons: Discovery Hut

Discovery-ekspedisjonen 1901-1904 endre

 
Forsyningar frå Terra Nova-ekspedisjonen som er att i Discovery Hut.

Discovery Hut vart teikna av professor Gregory og prefabrikkert av James Moore frå Sydney før ho vart ført sørover på skuta.

Ein kross vart reist på åsen bak Discovery Hut til minne om George Vince som døydde i ei ulukke under ekspedisjonen i nærleiken i 1904. Alt utstyr vart fjerna frå hytta då ekspedisjonen drog frå plassen.

Den britiske antarktisekspeidsjonen 1907–09 endre

Ernest Shackleton kom attende til McMurdo Sound i februar 1908 oppdaga han at døra hadde brote ope, truleg under ein sørleg snøstorm, og stod fast i snøen frå både inn- og utsida. Ein måtte derfor ta seg inn eit av vindauga. Han nytta hytta på våren, september og oktober 1908, som lagerhus for store mengder utstyr, mat og olje som han skulle nytte i eit forsøk på å nå Sørpolen. Etter å ha måtte snu litt mindre enn 100 nautiske mil før polen, kom dei seg så vidt attende i live. Natt 3. mars 1909 kom polgruppa attende, etter å ha vore borte i 128 dagar. Ein mann måtte ha umiddelbar legehjelp så Shackelton prøvde å sette fyr på den nærliggande Magnetic Hut i håp om å trekkje til seg merksemd frå skipet, men klarte ikkje å få fyr. Han fekk fyr i ein karbid og skipet berga dei.

Den britiske antarktisekspeidsjonen 1910-1913 endre

Då Terra Nova-ekspedisjonen reiste sørover frå hytta til Robert Scott ved Cape Evans i 1911 fann dei Discovery Hut full av snø og is i lag med forsyningane som var att etter 1903. Discovery Hut vart rydde og nytta i 1911 og 1912 i førebuinga og som samlingspunkt for medlemmane under Terra Nova-ekspedisjonen på veg sørover til polen frå hytta til Scott ved C

Endurance-ekspedisjonen 1914-1917 endre

 
Kart over Ross Island som syner plasseringa til Hut Point, Cape Royds og Cape Evans.

Hytta vart nytta igjen av gruppa som vitja Rosshavet under Endurance-ekspedisjonen. Snøen vart fjerna og ekstra forsyningar sett inn. Depotutlegginga til 80º i januar-mars 1915 var prega av mange problem. Alle dei ti hundane som var med på reisa omkom på veg attende. Då heile gruppa var samla att ved Hut Point den 25. mars 1915 var mennene utslitne og forfryste, og leiaren deira Aeneas Mackintosh hadde lite tillit att. Tilhøva på sjøisen i McMurdo Sound gjorde reisa attende til Cape Evans umogeleg, så gruppa var stranda her fram til 1. juni 1915 i spartanske tilhøve og avhengige av selkjøt og spekk for brensel.

Fleire menn var igjen stranda ved Hut Point etter den andre depotutlegginga. Dette byrja i september 1915 og i mars 1916 hadde Mackintosh, Spencer-Smith og Hayward kollapsa og klarte ikkje å gå. Dei tre andre mennene var framleis oppegåande, men no for svake til å dra med seg dei tre invalide, så den 8. mars 1916 valde Mackintosh frivillig å vere att i teltet, medan dei andre prøvde å nå Hut Point. Ein dag seinare døydde Spencer-Smith av utmatting og skjørbuk, og vart gravlagd. Joyce og Wild nådde Hut Point med Hayward den 11. mars og gjekk tilabke etter Mackintosh. 16. mars nådde heile den overlevande gruppa hytta. Dei fem overlevande kom seg sakte på ein diett av selkjøt. Isen var for tynn til at dei riskerte den siste reisa til Cape Evans, men etter dag ut og dag inn med den same maten og den same hytta, valde Mackintosh og Hayward den 8. mai å krysse isen og gå til Cape Evans. Dei vart aldri sett igjen. Richards, Joyce og Wild venta til 15. juli før dei gjekk til Cape Evans. Selspekk som vart nytta til oppvarming har ført til mange flekkar på veggane inne i hytta.

Bevaring og endre

 
Innsida av Discovery Hut i 2000.
 
Selspekk, nesten hundre år gammalt, heng framleis i hytta, bevart av temperaturen som sjeldan går over null grader.

Etter at Shackelton forlet hytta i 1917 stod ho urørt fram til 1956 då amerikanarar frå Operasjon Deep Freeze grov ho fram av snø og is. Ho vart funnen i særs god stand og inneheld mykje frå dei tidlegare ekspedisjonane. Somme lekamar vart tekne som suvenirar, men hytta har stort vore som ho var i 1917.

New Zealand og Storbritannia har stundom restaurert hytta sidan 1970-åra, stort sett ved å fjerne snø og is.

Sjølv om mat vert bevart i låge temperaturar og tørre klima, skjer det likevel nedbryting. Vitjande har skildra selkjøtet i hytta som særs stinkande, og ein er uroa over at hytta er råka av sopp. Både hytta til Scott og Shackelton-hytta er sett på World Monuments Watch si liste over dei 100 mest truga stadane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Discovery Hut