Do You Wanna Dance?

«Do You Wanna Dance?» er ein song skriven av Bobby Freeman frå 1958. Songen er òg populære i ei utgåve av the Beach Boys frå 1965 og i ei utgåve av Bette Midler frå 1972. The Ramones spelte òg songen på Rocket To Russia og It's Alive.

The Beach Boys-utgåva endre

«Do You Wanna Dance?»
Singel av The Beach Boys
frå albumet The Beach Boys Today!
Språk engelsk
Utgjeve 15. februar 1965
Innspelt 1. januar 1965
Sjanger Rock
Lengd 2:14
Selskap Capitol Records
Komponist Bobby Freeman
Tekstforfattar Bobby Freeman
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«The Man with All the Toys»
(1964)
«Do You Wanna Dance?» «Help Me, Rhonda»
(1965)


«Do You Wanna Dance?» var ein singel gjeven ut av The Beach Boys i 1965Capitol Records. Han nådde 12. plass på Billboardlista og det var den høgaste plasseringa dei klarte med sin song der Dennis Wilson song solovokal. B-sida på singelen var «Please Let Me Wonder». Songen vart òg gjeven ut på albumet deira The Beach Boys Today! same året.

Medverkande endre

The Beach Boys
Andre musikarar

Bette Midler-utgåva endre

Bette Midler spelte songen, kalla «Do You Want to Dance» på albumet The Divine Miss M i 1972. Midler tok tempoet ned og gjorde songen om til ein ballade. Midler gav songen ut på singel og denne utgåva nådde 17. plass i USA tidleg i 1973.

I 1985 song Ula Hedwig ein Bette Midler-liknande utgåva av songen i ein reklame for Ford Lincoln Mercury.

Andre utgåver endre

1960s
1970-åra
1980-åra
  • Han vart spelt på konsertar under rockabilly-perioden til Neil Young i 1983.
  • 1987 - Barbie i fjernsynsshowet hennar.
  • 1988 - David Lindley og El Rayo-X på deira Very Greasy
  • 1988 - Ei svensk utgåve med tekst av Keith Almgren, kalla «Säg, får jag lov min vän» vart spelt inn av Tonix på albumet Bugga loss.
1990-åra
  • 1996 - Petty Booka på albumet Blue Lagoon of Petty Booka.
  • 1998 - The Queers på eit hyllestalbum til Ramones, Rocket To Russia.
  • 1998 - Jazz-saksofonisten Walter Beasley på albumet For Your Pleasure.
  • 1998 - Attaque 77 på albumet Otras Canciones; utgåva var på spansk.
2000-åra

Norsk utgåve endre

Robert Skrolsvik skreiv ein norsk tekst til songen for Bjelleklang kalla «Få'jæ lov» i 2009.