Domenico Ghirlandaio

Domenico Ghirlandaio, eigenleg Domenico di Tommaso Bigordi, (144911. januar 1494) var ein italiensk målar under ungrenessansen. Han var både fødd og døydde i Firenze, og høyrde til den såkalla florentinske skulen.

Domenico Ghirlandaio

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 2. juni 1448
Firenze
Død

11. januar 1494 (45 år)
Firenze

Yrke kunstmålar
Språk italiensk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Nettstad http://www.domenico-ghirlandaio.org
Domenico Ghirlandaio på Commons
Giovanna Tornabuoni, 1489-90

Liv og gjerning endre

Ghirlandaio vart av faren lært opp til gullsmed, men vann framfor alt ry for sine prestasjonar som freskomålar. Han skapte ein høgtidleg stil som speglar utviklinga til det florentinske måleriet, før Leonardo da Vinci. Hans tidlegaste kjende verk er freskane ovanpå familien Vespucci sitt altar i Ognissanti-kyrkja i Firenze, måla i 1472/73. Seinare måla han i den same kyrkja Sankt Hieronymus og Nattverden, begge i 1480.

I 1481-82 var Ghirlandaio i Roma og måla to freskar i Det sixtinske kapell. Den bevarte fresken, Apostlane Petrus og Andreas får kallet, er eit døme på Ghirlandaios bruk av folk han kjende, som vitne til ei religiøs hending. I freskane i Sassettikapellet i Santa Trinità i Firenze innlemma han mellom anna portrett av medlemene av dei mektige familiane Medici, Sassetti og Spini. Øvrige verk av Ghirlandaio er mellom anna Kunngjeringa, Jomfru Marias fødsel og fleire måleri med motivet Madonnaen med helgenen.

Michelangelo var elev Ghirlandaio, og lærte teknikken med freskomåleri av han.

Bakgrunnsstoff endre