Driving Home for Christmas

Driving Home for Christmas
Singel av Chris Rea
Språk engelsk
Utgjeve 1986
Sjanger poprock, jul
Lengd 4:33
Selskap Magnet
Komponist Chris Rea
Tekstforfattar Chris Rea
Låtskrivar(ar) Chris Rea
Produsent Chris Rea, Stuart Eales
Chris Rea-kronologi 
«On the Beach»
(1986)
Driving Home for Christmas «Let's Dance»
(1987)


«Driving Home for Christmas» er ein populær song skriven av Chris Rea og gjeven ut i 1986.[1] Singelen nådde 53. plassen på den britiske singellista i 1998 og gjekk inn att på lista i 2007, då han gjekk opp til 33. plassen.[1] Sjølv om han ikkje har nådd høge plasseringar, har han nesten kvar jul gått inn på topp 40 på singellista.[2]

Han er blitt nytta i julereklamar for supermarknadkjeden Iceland i 1997, 1998 og 2011, siste året i ein versjon av Stacey Solomon.[3] Ein alternativ versjon av singelen vart gjeven ut i Japan som «Snow».[4]

Bakgrunn endre

I'm driving home for Christmas
I just can't wait to see those faces.

Chris Rea (1986)

I eit intervju på BBC Radio 4-programmet Today den 16. desember 2009 sa Rea at han skreiv «Driving Home for Christmas» mange år før han spelte songen inn. Kona hans hadde kome ned til London for å køyre han heim til Middlesbrough i sin Austin Mini fordi det var billigare enn å ta toget. Inspirasjonen til songen kom då ho og Rea sat fast i tett trafikk på veg ut av London med ein lang køyretur til Middlesbrough før seg. Rea sa «Driving Home for Christmas» er ein «bilversjon av ein julesong».[5]

Musikkvideo endre

I 2009, 21 år etter songen kom ut, vart det laga ein musikkvideo til songen til støtte for den veldedige organisasjonen Shelter. Alle inntektene frå videoen gjekk til organisasjonen. Det var med fleire kjendisar i videoen, som Martin Shaw, Mike Read, David Hamilton, Kristian Digby, Gail Porter, Lizzie Cundy, Kenny Thomas, Ewen MacIntosh, Carol Decker, Matt Di Angelo, Mark Brennan, Giles Vickers-Jones og Lionel Blair. Rea sa om prosjektet, «eg ønskte å gjere noko spesielt denne jula og kva er betre enn å hjelpe folk å få tak over hovudet når dei treng det som mest - i jula. I lag med Shelter håpar me at få det til.»[6]

Ein annan video syner ein isbjørn som køyrer ein bil på ein trafikkert veg på julaftan på veg heim til kona og sonen.

Innhald endre

CD
Nr.TittelLengd
1.«Driving Home for Christmas»4:33
2.«Hello Friend» (nyinnspeling)4:21

Lister endre

Liste Plassering
Austerrike[7] (2007) 35
Belgia [8] (1986) 22
Danmark (Tracklisten)[9] (2007) 19
Finland[10] (1999) 17
Tyskland (Media Control)[11] (2008) 31
Irland (IRMA)[12] (1988) 28
Nederland (MegaCharts)[13] (2008) 17
Noreg (VG-lista)[14] (2008) 2
Polen (Den polske Topp 5-lista)[15] 11
Sverige (Sverigetopplistan)[16] (2010) 26
Sveits (Swiss Music Charts)[17] (2009) 41
Storbritannia (Official Charts Company) (2007) 33

Stacey Solomon-versjonen endre

Driving Home for Christmas
Singel av Stacey Solomon
Språk engelsk
Utgjeve 18. desember 2011
Innspelt 2011
Sjanger Pop
Lengd 4:01
Selskap Conehead Management Ltd
Komponist Chris Rea
Tekstforfattar Chris Rea
Låtskrivar(ar) Chris Rea

Songaren og programleiaren Stacey Solomon spelte inn songen i 2011 og gav han ut den 18. desember 2011 som den første singelen hennar. Han var opphavleg meint å nyttast berre i reklamefilmar for supermarknadkjeden Iceland, men vart gjeven ut som singelen då han vart mykje etterspurt.

Singelen vart sleppt 18. desember 2011 på iTunes og alle inntektene frå salet gjekk til Alzheimer's Research UK og barnesjukehus-organisasjonen Together For Short Lives. Solomon framførte songen på fleire fjernsynsprogram.[18]

Lister endre

Liste (2011) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[19] 27

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Driving Home for Christmas». Discogs. 
  2. James Masterton (21 August 2013). «Top 40 Annual 2012». James Masterton. Henta 12. november 2015. 
  3. Blackburn, Jen (26. november 2011). «Stacey Solomon in Xmas No1 race | The Sun |Showbiz|TV». The Sun. Henta 16. november 2015. 
  4. «Chris Rea - Snow on Amazon.co.uk». 
  5. «Today: Wednesday 16th December». BBC News (BBC). 16 December 2009. 
  6. «Shelter England». England.shelter.org.uk. Arkivert frå originalen 17. november 2015. Henta 16. november 2015. 
  7. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». AustrianCharts.at. Henta 16. november 2015. 
  8. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». Ultratop.be. Henta 16. november 2015. 
  9. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». DanishCharts.com. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 16. november 2015. 
  10. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». FinnishCharts.com. Henta 16. november 2015. 
  11. «Chris Rea – Driving Home for Christmas (In German)». MusicLine.de. Arkivert frå originalen 17. november 2015. Henta 24 November 2011. 
  12. «The Irish Charts - All there is to know». IRMA. Henta 20 December 2011. 
  13. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». DutchCharts.nl. Henta 16. november 2015. 
  14. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». NorwegianCharts.com. Henta 16. november 2015. 
  15. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV. Henta 29 December 2014.
  16. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». SwedishCharts.com. Henta 16. november 2015. 
  17. «Chris Rea – Driving Home for Christmas». HitParade.ch. Henta 16. november 2015. 
  18. Sperling, Daniel (1 November 2012). «Stacey Solomon: 'Simon Cowell could win I'm a Celebrity'». Digital Spy. Henta 16. november 2015. 
  19. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  20. Christmas with the Bachelors
  21. Michael Ball Christmas
  22. Album: Joe McElderry, Classic Christmas (UCJ)
  23. A Glimpse of Stocking
  24. The High Kings Last FM
  25. Lucy Rose BBC

Bakgrunnsstoff endre