Eidsvollgarantien

Eidsvollgarantien var eit vedtak i Riksforsamlinga på Eidsvoll, gjort 13. mai 1814, for å gi eit økonomisk grunnlag for det nyvunne norske sjølvstendet.

For å løyse dei økonomiske problema og sikre pengar til statsdrifta fram til 1. mars 1815, vedtok forsamlinga å trykke 14 millionar riksbankdalar i pengesetlar. Samtidig garanterte riksforsamlinga ein kurs på 100 spesidalar (Hamburger banco) for 375 riksbankdalar. Denne verdien på 100/375 var langt betre enn faktisk kurs våren 1814, men dårlegare enn den kursen som var vedteken i 1813, på 1/2 spesidalar for ein riksbankdalar. Garantien vart vedteken med 76 mot 29 røyster. Motstanden kom først og fremst for det såkalla unionistpartiet, dei som meinte Noreg måtte knytte seg til Sverige. Dei meinte garantien var urealistisk, og ville føre til «dyrtid, hungersnød og mange medborgeres undergang», som Christopher F. Omsen uttrykte seg. Etter ein demgaogisk tale av Jonas Rein som appellerte til fedrelandskjærleik og offervilje var det få andre som torde gå imot innstillinga frå finanskomitéen.

På bakgrunn av eidsvollgarantien kunne «Norges midlertidige Riksbank» trykke pengesetlar pålydande riksbankskilling og riksbankdalar. Mange opplevde likevel eidsvollgarantien som eit løftebrot, sidan vedtaket reduserte den offisielle parikursen frå 100/200 til 100/375 spesidalar. Løftebrotet og seddeltrykkinga førte til at inflasjonen heldt fram. Stortinget måtte derfor gå ifrå garantien i 1816, da dei vedtok å setje verdien på riksbankdalaren til 100/1000 spesidalar.

Kjelder endre