Eirik Greibrokk Dolve (fødd 5. mai 1995) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som tevla i stavhopp. Han var norsk meister i øvinga fem år på rad, 2013-17.

Eirik Dolve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1995 (28 år)
Bergen
Idrett friidrett

Dolve, som var medlem i IL Fri til 2015 og sidan Fana Idrettslag, vann gullmedaljen i stavhopp fyrste gongen under NM 2013 i Tønsberg. Han sigra også i noregsmeisterskapen dei neste fire åra, ofte med god margin. Sommaren 2015 svinga han seg i Göteborg for fyrste gong over 5,50 meter. Den 22. juni 2016 forbetra han den personlege rekorden til 5,66 meter ved eit stemne i Praha. Ved NM 2018 tok han sølv, Sondre Guttormsen vann gull. Etter å ha vorte bronsemedaljør i NM 2019, la Dolve opp.

Kjelder endre