El Rom (hebraisk skrift אֶל רוֹם, tyder 'Til høgda') er ein israelsk busetjing og ein kibbutz nord i Golanhøgdene som ligg i kommuneområdet til Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]

El Rom
אֶל רוֹם
landsby
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Golan regionale kommune
Koordinatar 33°10′46″N 35°46′17″E / 33.17944°N 35.77139°E / 33.17944; 35.77139
Folketal 308  (2012)[1]
Grunnlagd 1971
 - Grunnlagd av Medlemmar av Sionistungdomsrørsla
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
El Rom
33°10′46″N 35°46′17″E / 33.179444444444°N 35.771388888889°E / 33.179444444444; 35.771388888889
Wikimedia Commons: El-Rom
Nettstad: kfar-elrom.com

El Rom har eit folketal på kring 350 (2005).

Geografi endre

Busetnaden ligg to kilometer vest for Hermon, i ei høgd på 1050 meter over havet. El Rom og den nærliggande moshaven Odem er dei to høgastliggande jødiske busetjingane i Israel etter Nimrod.

Historie endre

Kibbutzen vart grunnlagd i 1971 av ei gruppe nybyggjarar frå Machanot HaOlim sionistungdomsrørsle. Sjølv om dei hadde tenkt å slå seg ned i Beit HaArava sør i Jordandalen, vart dei overtydd om å flytte til Golanhøgdene. Den første bysetjinga låg i nærleiken av den okkuperte syriske byen Quneitra, men denne vart øydelagd under Jom kippúr-krigen, og eit enormt stridsvognslag fann stad på slettene kring byen.

Klima endre

El-rom har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og kjølige, fuktige vintrar. Sidan han ligg nord i Golanhøgdene og i ei høgd på over 1000 meter over havet, er klimaet ganske unikt samanlikna med resten av Israel. Sommaren, mellom mai og september, er nesten heilt tørr utan nedbør i det heile, og temperaturar kring 25-30 °C midt på dagen i juli og august. Nettene er kjølige på grunn av ein kontinental vind som bles frå dei store ørkenane i aust. Vintertemperaturen er lågast i januar og februar med 2-3 °C midt på dagen, og stundom under null grader. Regn byrjar å kome i september og endar kring mai, og fyller reservoara og gjev vatn til Genesaretsjøen. Årsnedbøren er i snitt 940 millimeter, og noko av dette kjem som snø i løpet av vinteren. Tåke er vanleg året gjennom.

Økonomi endre

Økonomien er hovudsakleg basert på jordbruk, og det vert hausta eple, pærer, jordbær og vindruer.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 25. februar 2014. 
  2. «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.