Ella er eit kvinnenamn danna som ei kortform av namn som byrjar på El-, som Ellinor eller Elisabeth, eller for namn som sluttar på -ella, som Gabriella eller Donatella.[1] Det kan også vera ei kjæleform av Ellen.[2]

Bilde og namnetrekk av forfattaren Ella Wheeler Wilcox.

Ella har namnedag både i Noreg og Sverige den 19. februar.

Tyding endre

I den siste namnetypen er -ella eit kvinneleg diminutiv. Det er òg gjort framlegg om at namnedelen kan ha samanheng med den germanske namneendinga -ali, som tyder annleis eller framand. Andre igjen bind Ella saman med namn som Eline eller Elena, som igjen kjem frå Helena og tyder strålande.

moderne hebraisk betyr namnet «gudinne» og er danna av det hebraiske el, «Gud», eller eli, «min Gud».

Bruk endre

 
Ella Fitzgerald i 1962.

Namnet har vore mykje brukt i den engelsktalande verda, og har i dag aukande popularitet. Ella er blant dei hundre mest brukte namna i USA, og blant dei tjue mest brukte i Irland samt England og Wales sett under eitt. Også i Noreg har namnebruken auka kraftig sidan rundt 1995, og i Sverige var namnet det ellevte mest gjevne i 2004.

Kjende namneberarar endre

Andre tydingar endre

Ella er òg eit spansk pronomen som tyder henne.

Kjelder endre

  1. Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006). «Ella». A Dictionary of First Names (på engelsk) (2. utg.) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-861060-1. 
  2. Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006). «Ella». A Dictionary of First Names (på engelsk) (2. utg.) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-861060-1. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ella