Elsa Skarbøvik

norsk politikar

Elsa Skarbøvik, opphavleg Elsa Hynnekleiv, (fødd 3. november 1948) er ein norsk lærar og politikar frå Oslo, som representerte Vestfold og Kristeleg Folkepartistortinget frå 1997 til 2005.

Elsa Skarbøvik
Fødd3. november 1948 (75 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Elsa Hynnekleiv var dotter til ein lektor. Etter å ha gått Kristelig Gymnasium i heimbyen og eitt år på Plymouth High School i USA, utdanna ho seg 1968-71 ved Oslo lærerskole. Der tok ho norsk grunnfag, før ho 1971/72 tok kristendom grunnfag ved Menighetsfakultetet, også det i heimbyen. Frå 1972 til -85 var ho lærar ved Presterød ungdomsskole i Tønsberg. Treårsperioden 1985-88 underviste ho ved 'The Norwegian School' i Katmandu i Nepal. I 1988 vende Elsa Skarbøvik tilbake tilbake til Noreg og Presterød ungdomsskole. Ho var tilsett ved ungdomsskulen til 2014, frå 2007 som undervisningsinspektør. Inn i mellom studerte ho sosialpedagogikk og seinare utdanningsleiing.

Skarbøvik engasjerte seg i politikken for Kristeleg Folkeparti. Ho var frå 1976 til 85 medlem i Sem kommunestyre, dei to siste åra som varaordførar. Valperioden 1980-83 var ho også medlem i fylkestinget i Vestfold. Stortingsperioden 1985-89 møtte ho nokre veker som vararepresentant frå Vestfold. Etter ho kom heim frå Nepal var ho sentralstyremedlem 1989-91 i Kristeleg Folkeparti. I 1989-90 var Skarbøvik personleg rådgjevar for utanriksminister Kjell Magne Bondevik. Frå 1997 til 2005 var ho stortingsrepresentant frå Vestfold. På Tinget var ho medlem i Utanrikskomiteen så lenge Bondevik var statsminister. Etter Bondevik I-regjeringa valde å gå av, var Skarbøvik frå 22. mars 2000 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen til 2005. Ho lukkast ikkje verte attvald hausten 2005, og forlet politikken.

Kjelder endre