Erik Nevland

norsk fotballspelar

Erik Nevland (fødd 10. november 1977) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Stavanger. Han spelte i åra 1995-2012 i fire periodar på Viking Fotballklubb, i alle år som angrepsspelar. I tida 2001-09 deltok han i åtte landkampar for Noreg, utan å kome på skåringslista.

Erik Nevland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. november 1977 (46 år)
Stavanger kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 177 centimeter
Erik Nevland på Commons

Omframt Viking-spel i periodane 1995-97, 1999, 2000-04 og 2010-12, spelte han på nederlandske Groningen i fire sesongar frå 2004 og engelske Fulham FC i to sesongar frå 2008. Tidleg i karrieren var han innom Manchester United og IFK Göteborg.

Nevland vart norsk meister med Viking i 2001.

Kjelder endre