Erik Pedersen

norsk fotballspelar

Erik Stensrud Pedersen (fødd 11. oktober 1967) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vart seriemeister med Viking Fotballklubb i 1991 og cupmeister med Odds Ballklubb i 2000. Åra 1990-92 deltok midtbanespelaren i 10 landskampar.

Erik Pedersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1967 (56 år)
Porsgrunn
Yrke fotballspelar
Høgd 178 centimeter

Pedersen melde seg inn i Odd i 1984 og vann same sesongen junior-noregsmeisterskapen med laget. Åra 1988-90 spelte han på Tromsø Idrettslag. I 1991 flytta han til Stavanger og tok plass i fyrsteellevaren til Viking, som same året vart seriemeister i Noreg, den siste sesongen 1. divisjon var toppdivisjonen i Noreg.

I tida frå september 1990 til juni 1991 var Pedersen fyrsteval i den defensive posisjonen på midtbana til det norske fotballandslaget. Han spelte då ni landskampar, fem av dei EM-kvalifiseringskampar. Mellom anna spelte han heile kampen då Kamerun vart audmjukt med 6-1-tap i ein vennskapskamp på Ullevaal stadion ein kjølig haustkveld, og han spelte andreomgangen då Noreg slo Italia 2-1 i EM-kvalifiseringa 5. juni 1991. Han var innbytar for namnebror Jan Ove Pedersen då han på Bermuda spelte sin 10. og siste landskamp 4. februar 1992. Ingen landslagsmål.

Pedersen byrja i 1992 og -93 å verte plaga med skadar, så i 1994 spelte han på ny for Odd, der han bidrog til å få klubben opp på nivå to i norsk seriefotball. Sesongane 1995 og -96 var han atter Viking-spelar.

Då 1996-sesongen var over i Noreg, reiste Pedersen omgåande til Dundee United i Skottland, og ligadebuterte mot Hearts 26. oktober 1996. Han fekk straks kontrakt og vart snøgt ein populær spelar hos United-supporterane. Klubben vart nummer tre i den skotske ligaen 1996/97. I november 1997 vann Pedersen ein sølvmedalje i den skotske ligacupen, etter at Dundee United tapte med 0-3 mot Celtic FC. Etter å ha vore skadd i store delar av den tredje sesongen i Dundee United, forlet han klubben ved sesongslutt 1999. Trass i at Pedersen einast spelte eit par-tre sesongar i Skottland, var han så populær at han i 2011 vart innlemma i «Dundee United Hall of Fame».

Sommaren 1999 byrja Pedersen på si tredje periode i Odd, då ein nyopprykt eliteserieklubb. Året etter var han med å vinne NM-cupen 2000 ved at Odd slo Viking 2-1 på Ullevaal stadion i Oslo. Han fekk ikkje fornya kontrakten hausten 2002. 2003-sesongen var Pedersen på plass hos Pors på nivå tre i seriesystemet, og same hausten var han med på opprykk til nivå to. Både i 2004 og -05 var han ei viktig brikke for 1. divisjons-laget, til dess han la opp grunna sterke ryggsmerter.

Kjelder endre