Et frit Forhold

roman av Hulda Garborg

Et frit forhold er tittelen på Hulda Garborgs debutroman, utgitt av Mons Litleré i 1892.

Familien Garborg i Stavanger sommaren 1892.

Boka er naturalistisk og nyanserer effekten av kristianiabohemens bodskap om «fri kjærleik». Hovudpersonen, frøken Halvorsen, arbeider som butikkjomfru i Kristiania og innleier eit forhold til sjefen sin. Resultatet er auka materiell velstand, men at ingen av dei blir noko særleg lukkelege. I tråd med naturalismens lære skjer ei moralsk forderving hos begge partar som følgje av økonomiske vanskar.

Då boka kom ut var Hulda Garborg 30 år. Året før hadde ho hjelpt mannen sin, Arne, med å skriva romanen Hjaa ho mor. Denne var delvis basert på oppveksten og hennar eigne erfaringar som butikkjomfru, og skulle bli ein internasjonal suksess. Våren og sommaren 1892 var familien i Stavanger for at Arne skulle skriva ferdig romanen Fred. Han leigde seg eit rom på Orre for å få arbeidsro, medan Hulda og sonen deira, Tuften, budde hos Arne sin bror på Sanddal ved Stavanger. Ho nytta ventetida til å skriva det som skulle bli Et frit Forhold. Arne meinte at kona hadde skrive «ei merkjeleg god bok» og sendte manuset til forleggaren sin. Litleré fekk manuset anonymt, men gav straks beskjed om at han ville gje det ut viss han berre fekk vita kven som hadde skrive det.

Boka selde brukbart, og blei begynnelsen på ein omfattande forfattarskap som til slutt talde rundt 40 titlar. Allereie i 1896 skreiv ho suksessen Rasjonelt fjøsstell, og Hulda Garborg blei snart ein av landets mest populære dramatikarar.

Bakgrunnsstoff endre