Eveline Widmer-Schlumpf

sveitsisk politikar

Eveline Widmer-Schlumpf, (fødd 16. mars 1956) er ein sveitsisk jurist og politikar frå Felsberg i kantonen Graubünden. Ho var i 2012 forbundspresident i Sveits, og er sidan 1. oktober 2010 finansminister i Sveits. Sidan 2008 har vore medlem av Borgarleg-demokratisk Parti (BDP), tidlegare representerte ho Sveits Folkeparti (SVP).

Eveline Widmer-Schlumpf

Fødd16. mars 1956 (68 år)
Felsberg
Statsborgar avSveits
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Zürich
FarLeon Schlumpf
Alle verv
  • medlem av Forbundsrådet (2008–2015)
  • forbundspresident (2012–2012)
  • Member of the Grand Council of Grisons (1994–1998) Sjå dette på Wikidata

Liv og gjerning endre

Widmer-Schlumpf var medlem av storrådet i Graubunden frå 1994 til 1998. 15. mars 1998 vart ho, som den fyrste kvinna, vald inn i regjeringsrådet for Graubünden, og tok sete som finans- og militærminister. Mellom 2001 og 2005 var ho tidvis president for storrådet, etter innarbeidde turnusar.

Ved valet til nytt forbundsråd i Sveits, 12. desember 2007, slo Widmer-Schrumpf overraskande ut Sveits Folkeparti sin offisielle kandidat; Christian Blocher. Med 125 røyster mot 115 i andre valomgang fekk ho plass i forbundsrådet. Leiinga i SVP kravde at Widmer-Schlumpf skulle trekke seg, ettersom ho ikkje var vald med støtte frå sitt eige parti. Straks ho aksepterte valet, vart ho nekta tilgang til SVP-møta. Den 2. april 2008 bad SVP-leiinga henne omgåande å trå tilbake frå storrådet og forlate partiet. Sidan ho ikkje kunne ekskluderast, i Sveits er politikarane medlem av kantonale partiorganisasjonar, vart heile partiorganisasjonen til SVP i Graubünden ekskludert den 1. juni. Hausten 2008 danna det tidlegare SVP i Graubünden, det nye partiet BDP, saman med SVP-fraksjonen i kantonen Bern.

Widmer-Schlumpf har sidan 1. januar 2008 vore medlem av forbundsrådet i Sveits. Ho var justisminister frå ho kom med i forbudsrådet, fram til og med 31. oktober 2010. Den 1. november 2010 tok ho over som landets finansminister. Widmer-Sclumpf var så forbundsrådet sin visepresident gjennom 2011, og vart vald til president den 14. desember. Året 2012 var Widmer-Schlumpf forbundspresident.

Kjelder endre