Bern
Tysk: Bern
Fransk: Berne
Italiensk: Berna
Retroromansk: Berna

Våpenet til Bern

Kart som viser kvar i Sveits Bern ligg.

Hovudstad Bern
Folketal 979 802 (2011)
Areal 5 959,44 km²
Folketettleik 164/km²
Forkorting BE
Kanton sidan 1353
Høgaste topp Finsteraarhorn (4274 moh)

Bern er ein kanton i det vestlege, sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 5 959 km², og hadde 969 299 innbyggarar i 2009. Kantonen er den nest største i Sveits, både kva gjeld flatevidd og folketal. Byen Bern er hovudstad i kantonen.

Geografi endre

Utsyn over nedre delar av Simmental
Distriktskart over kantonen Bern

Kantonen grensar i nord til kantonane Jura, Solothurn, i aust til Aargau, Luzern, Obwalden, Nidwalden og Uri, i sør til Valais, og i vest til Vaud, Fribourg og Neuchâtel.

Kantonen vert ofte delt etter landskap. I nord ligg sjølandet (Seeland) og Bern-Jura, deretter kjem Mittelland med byen Bern, medan Oberland i sør er prega av storfjell. 43,3% av kantonen er jordbruksareal, og 31,0% er skogdekt. Om lag 19,3% er fjell, brear og innsjøar. Dei fem høgste fjelltoppane i Oberland er over 4 000 meter over havet, med Finsteraarhorn som den høgste.

Språk og samfunn endre

12,5% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. I kring 84 % av folket snakkar bernerttysk, ein variant av sveitsartysk, medan 7,6 % snakkar fransk, desse bur i vest og i nord i kantonen. Om lag 67 % av innbyggarane er protestantar, dei fleste av desse er medlem av Schweizer Reformierte Kirchen, som er statskyrkje (Landeskirche). 16 % soknar til den katolske kyrkja.

Distrikt og kommunar endre

Bern består sidan 2010 av 10 distrikt (Verwaltungskreise), som er delt opp i til saman 396 kommunar. Dei ti distrikta er Bern-Mittelland, Biel/Bienne, Emmental, Frutigen-Niedersimmental, Interlaken-Oberhasli, Bern-Jura, Oberaargau, Obersimmental-Saanen, Seeland og Thun.

Historie endre

Bern slutta seg til det sveitsiske eidsforbundet i 1353. På den tid bestod kantonen Bern einast av nokre mindre område i nærleiken av byen. Dei neste 200 åra voks kantonen mykje, dels gjennom oppkjøp og dels gjennom erobringar. Mellom anna kom Aargau under kantonen i 1415, medan det meste av Vaud sitt landområde vart erobra i 1536.

Ved danninga av republikken Helvetia i 1798 vart den dåverande kantonen delt i to, ein i sørvest med Lausanne til hovudstad og ein annan, kalla Oberland, med Thun til hovudstad. Då den sveitsiske føderasjonen vart restaurert i 1815, fekk kantonen Bern tilført land som hadde lege under bispedømmet i Basel, mellom anna Bern-Jura. Den utskilde kantonen i vest, derimot, vart til kantonen Vaud.

I tida 1815-1979 var Bern den største kantonen i Sveits. Etter Bern-Jura braut ut og vart eigen kanton i 1979, vart Graubünden den kantonen i landet med størst flatevidd.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kantonen Bern