Fabian Society er ei britisk intellektuell sosialist-rørsle, med det formålet å fremje sosialdemokratiske prinsipp på gradualistisk og reformistisk vis.

Rørsla er kanskje best kjend for pionerarbeidet ho gjorde frå slutten av 1800-talet til første verdskrigen. Fabianarane la mykje av grunnlaget for Labour-partiet, og påverka politikken i fleire av dei statane som oppstod etter avkoloniseringa av det britiske imperiet, særleg India under Jawaharlal Nehru.

Også i dag er organisasjonen «tenkjetank» for Labour, og ein av 15 sosialistiske organisasjonar knytte til dette partiet.

Historie endre

Gruppa fekk namn etter den romerske generalen Quintus Fabius Maximus, som var kjend for sin forsiktige taktikk i krigen mot Karthago. Ho vart skipa 4. januar 1884 i London. Fabian Society voks og vart det viktigaste akademiske samfunnet i Storbritannia på den tida. Gruppa fekk straks mange framståande personar som medlemer, menneske som delte dei sosialistiske målsetjingane ho hadde, mellom dei George Bernard Shaw, H.G. Wells, Annie Besant, Graham Wallas, Hubert Bland, Edith Nesbit, Sydney Olivier, Oliver Lodge, Leonard Woolf og Virginia Woolf, Ramsay MacDonald og Emmeline Pankhurst. Også Bertrand Russell var medlem ei kort stund.

Kjernen i Fabian Society var nok Sidney og Beatrice Webb. Saman skreiv dei mange skrifter om det britiske industri-samfunnet, mellom dei òg skrifter som omhandla ein alternativ samvirkeøkonomi med kooperativt eigarskap av kapital og jord.

Av tidlege kampsaker for fabianarane kan nemnast minimumsløn, sosialisert helsevesen og skulevesen, og avskaffing av arvelege adelstitlar. Dei gjekk òg inn for sosialisering av jorda, da dei meinte at leigeinntektene til jordeigarane ikkje var rettmessige.

Mange fabianarar deltok i skipinga av Labour-partiet i 1900, og programmet til partiet, skrive av Sidney Webb, var mykje prega av fabianisme.

I perioden mellom dei to verdskrigane, hadde òg fabianarar som R. H. Tawney, G. D. H. Cole og Harold Laski stor innverknad på sosialdemokratisk tankegang.

Blant mange noverande og tidlegare fabianarar er statsvitaren Bernard Crick, dei no avdøde økonomane Thomas Balogh og Nicholas Kaldor, og sosiologen Peter Townsend.

Arven endre

På heile 1900-talet hadde gruppa stor innverknad i Labour, med medlemer som Ramsay MacDonald, Clement Attlee, Anthony Crosland, Richard Crossman, Tony Benn, Harold Wilson, Tony Blair og Gordon Brown. Fabian Society er framleis tilslutta partiet som ei sosialistisk foreining. Gruppa har om lag 6000 individuelle medlemer, og i tillegg kjem tilknytte grupper, som Labour-partilag, samvirkelag, bibliotek, og fagforeiningar.

Kjelder endre

Bibliografi endre

  • Plan for Britain: A Collection of Essays prepared for the Fabian Society by G D H Cole, Aneurin Bevan, Jim Griffiths, L F Easterbrook, Sir William Beveridge, and Harold J Laski (Not illustrated with 127 text pages).

Bakgrunnsstoff endre