Fantastic Voyage
Fantastic Voyage Song av David Bowie frå albumet Lodger | ||
Utgjeve | 18. mai 1979 | |
Innspelt | September 1978 til mars 1979 | |
Sjanger | Kunstrock | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie, Brian Eno | |
Tekstforfattar | David Bowie, Brian Eno | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Brian Eno | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie og Tony Visconti |
«Fantastic Voyage» er ein song skriven av David Bowie og Brian Eno i 1979 for albumet Lodger. Det har nesten nøyaktig den same akkordsekvensen som «Boys Keep Swinging» frå det same albumet. Han har òg komen ut som B-side til singlane «Boys Keep Swinging» og «Peace on Earth/Little Drummer Boy», og den amerikanske utgåva av «DJ».
Medverkande endre
- David Bowie: vokal, piano, korvokal
- Dennis Davis: perkusjon
- George Murray: bass
- Sean Mayes: piano
- Simon House: mandolin
- Adrian Belew: mandolin
- Tony Visconti: mandolin, korvokal
- Brian Eno: ambient drone
Andre utgjevingar endre
Songen kom ut som ei biletplate som ein del av Fashions Picture Disc Set.
Konsertversjonar endre
«Fantastic Voyage» vart framført for første gongen på konsert under A Reality Tour i 2003. I følgje biografen Nicholas Pegg «var det eit godt val både politisk og estetisk: det globale klimaet med Irakkrigen og etterverknaden, kjenslene uttrykte i 'Fantastic Voyage' har aldri verka meir høvande.»[1] Eit konsertopptak frå november 2003 kom ut på DVD-en A Reality Tour i 2004, og på konsertalbumet A Reality Tour frå 2010. Det er ein av dei siste songane Bowie framførte på scenen, då han seint i 2006 framførte songen i lag med «Changes» og «Wild Is the Wind»).[2]
Andre versjonar endre
- Songen vart spelt inn og omsett til hebraisk av den israelske songaren Noam Rotem på debutplata hans i 2004.
- Det amerikanske indierockbandet Shearwater framførte ein versjon av songen i mai 2016 for The A.V. Club sin A.V. Undercover-serie.[3]
- Mike Garson, Trent Reznor og Atticus Ross spelte songen på ein nettbasert hyllestkonsert for Bowie, kalla «A Bowie Celebration: Just For One Day» i januar 2021
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Fantastic Voyage (David Bowie song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nicholas Pegg, The complete David Bowie, Reynolds & Hearn, 2006, p.75.
- ↑ Gilmore, Mikal (2. februar 2012), «How Ziggy Stardust Fell to Earth», Rolling Stone magazine (1149): 36–43, 68
- ↑ Meiburg, Jonathan (13. mai 2016). «Shearwater covers the entirety of David Bowie’s Lodger». The A.V. Club. Onion, Inc. Arkivert frå originalen 1. juli 2016. Henta 22. mai 2016.