Fareynigte Partizaner Organizatsye

Fareynigte Partizaner Organizatsye (FPO) var ei jødisk motstandsgruppe frå Vilne-ghettoen under andre verdskrigen. Gruppa vart etablert av kommunistar, bundistar og venstre-sionistar, og leiarane var Abba Kovner og Yitzhak Wittenberg.

Ei motstandsgruppe frå Vilinus Ghetto

FPO vart skipa 21. januar 1942, og tok mottoet «Vi vil ikkje la dei føre oss som dyr til slaktehuset!»

FPO vart motarbeidd av dei ghetto-leiarane som samarbeidde med tyskarane («Judenrat»).

Måla til FPO var å etablere sjølvforsvar i ghettoen, å sabotere tyske industrielle og militære aktivitetar og å slutte seg til kampen dei sovjetiske partisanane og Den Raude Arméen førte mot nazistane.

Men tidleg i 1943 fanga tyskarane ein motstandsmann som røpa for mykje og etter tyske trugslar overleverte Judenrat Wittenberg til Gestapo. FPO sette han fri att gjennom væpna aksjon, og stabla på beina ein liten milits. Men Judenrat gav endå ein gong etter for tysk press og trugslar, støtta av delar av ghettobefolkninga, og på grunn av det måtte FPO gi seg i denne omgangen. Wittenberg let seg ta til fange og gjorde sjølvmord i cella.

Men då nazistane kom for å utslette ghettoen likevel seinare same året, samla FPO-medlemene seg igjen. Sidan Judenrat utleverte kampvillige jødar til tyskarane, fór FPO no ut i skogane for å halde fram kampen derifrå.

FPO deltok i frigjeringa av Vilne frå nazistane i 1944, saman med sovjetiske styrkar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre