Fernand Grosjean (5. mai 192419. august 2015) var ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå Genève.[1] Han vann sølvmedaljen i storslalåm under alpin-VM 1950.

Fernand Grosjean

Statsborgarskap Sveits
Fødd 5. mai 1924
Genève
Død

19. august 2015 (91 år)

Yrke alpinist
Språk fransk
Fernand Grosjean på Commons

Aktiv endre

Grosjean deltok i 1948 Vinter-OL i heimlandet. I St. Moritz gjorde han det best i utforløypa, der han kom på åttandeplassen. To år seinare kom han på andreplass i storslalåm-tevlinga under verdsmeisterskapen i Aspen i deltstaten Colorado. Med tida 2.35,7 var han 1,3 sekundar bak verdsmeisteren Zeno Colò frå Italia.

Grosjean heldt fram med å gjere det best i storslalåm, både under Vinter-OL 1952 i Oslo og to år deretter, i alpin-VM 1954 i Åre kom han på 11. plass i øvinga.

Mellom 1947 og 1955 vann Grosjean fire sveitsiske meisterskap. Den fyrste meistertittelen kom i alpin kombinasjon, medan dei tre siste titlane vann han i spesialøvinga storslalåm; 1952, -54 (delt med Georges Schneider) og -55.

I 1952 vann han i Chamonix slalåmrennet i den såkalla Arlberg-Kandahar-tevlinga.

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Fernand Grosjean – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder endre

  1. «Grosjean : «J'ai profité de chaque instant»» (på fransk). Le Figaro. 23 August 2015. Henta 24 August 2015.