For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Olympia.

Olympia er ein tysk dokumentarfilm frå 1938 regissert av Leni Riefenstahl. Filmen dokumenterer dei olympiske sommarleikane som vart haldne i Berlin i 1936.

Olympia
RegiLeni Riefenstahl Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Leni Riefenstahl Sjå dette på Wikidata
ManusLeni Riefenstahl Sjå dette på Wikidata
Basert påSommar-OL 1936 Sjå dette på Wikidata
MedverkandeAdolf Hitler, Jesse Owens, Luz Long, Spyrídon Loúis, Rie Mastenbroek, Leni Riefenstahl, Hermann Göring, Rudolf Hess, Wilhelm Frick, Josef Klein Sjå dette på Wikidata
KlippLeni Riefenstahl Sjå dette på Wikidata
MusikkHerbert Windt Sjå dette på Wikidata
SjeffotografPaul Holzki, Wilfried Basse, Hans Ertl, Walter Frentz, Hans Karl Gottschalk, Richard Groschopp, Willy Hameister, Walter Hege, Albert Höcht, Carl Junghans, Sepp Ketterer, Gustav Lantschner, Otto Lantschner, Kurt Neubert, Erich Nitzschmann, Albert Schattmann, Ernst Sorge, Károly Vass, Willy Zielke, Andor von Barsy, Heinz von Jaworsky, Hugo von Kaweczynski, Alexander von Lagorio Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1938
Lengd226 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandDeutsches Reich Sjå dette på Wikidata
Språktysk
Sjangerdokumentarfilm, propagandafilm Sjå dette på Wikidata

Dette var den første dokumentarfilmen om dei olympiske leikane. Mange av dei opptaksteknikkane som seinare vart vanlege i filming av idrettstilskipingar vart utvikla av Riefenstahl i samband med denne filmen. Den olympiske elden vart innført av Riefenstahl som estetisk element i samband med med leikane i Berlin.

Oppbygging endre

Filmen har to delar: Fest der Völker «fest for folkeslaga» og Fest der Schönheit «fest for venleiken».

Filmen vert sett på som eit estetisk meisterverk, og vart òg førebilete for seinare filming av dei olympiske leikane. TIME Magazine har skildra filmen som ein av dei hundre beste filmane dei på 1900-talet.

Bakgrunn endre

Filmen vart laga på oppdrag av riksministeriet for folkeopplysing og propaganda, og vart finansiert av statlege midlar. Filmen hadde premiere den 20. april 1938, på Adolf Hitler sin 49-årsdag. Såleis kan filmen sjåast som ein propagandafilm for Nazi-Tyskland og det herskande partiet NSDAP. Trass i nær tilknyting til nazi-styresmaktene, vert det i filmen teke med enkelte element som den gong ikkje var politisk korrekt. Mellom anna vert det i filmen fokusert på andletet til Hitler då han såg at afroamerikanske Jesse Owens vann gullmedalje. Mørkhuda menneske vart av nazistane sett på som underlegne kvite menneske.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre