Flatøy (eller Flatøyni) er ei øy på 2 kvadratkilometer i Alver kommune i Vestland. Øya er no eit trafikk-knutepunkt med bruer over Hagelsundet (250 m) til Knarvik, Nordhordlandsbrua (1610 m) over Salhusfjorden til Bergen, og Krosnessundet bru (391 m) til Holsnøy.

Flatøy
Geografi
Stad Kvernafjorden
Koordinatar 60°32′25″N 05°15′37″E / 60.54028°N 5.26028°E / 60.54028; 5.26028

Areal 2,2 km²

Høgaste punkt Håøytoppen (171 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 492 (2023)
Folketettleik 224 /km²
Sjå òg Flatøy (omdirigering), Flatøya og Flatøyna

På øya driv Frank Mohn Flatøy AS sin olje- og gassdivisjon, med produksjon av pumper. Flatøy flystasjon vart oppretta i 1917 som base for militære sjøfly, og frå 1920 var den base for Det Norske Luftfartsrederi AS, som dreiv ruteflyging Bergen–Haugesund–Stavanger. Etter krigen brukte Thor Solbergs flyselskap basen i nokre år. På den nordvestlege delen av øya låg fortet Håøy. I 1937 vart Flatøy skule opna.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
29 125 389 492

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre