Fontane di Roma (P 106) er ein orkestersuite komponert av Ottorino Respighi i 1916. Han blei urframført 11. mars 1917. Han er eit tonedikt inspirert av fontener i Roma, og blei følgd av Pini di Roma i 1916 og Feste Romane i 1928.

Fontane di Roma
Sjangerprogrammusikk
Utgitt1916
Uroppføring1917, 11. mars 1917

Etter premieren ved Teatro Augusteo i 1917, der Antonio Guarnieri dirigerte Augusteo-orkesteret, var Respighi vonbroten over den fyrste milde responsen på verket, og sette det til side. Det fekk ei ny, betre mottaking i februar 1918 etter ei framføring med dirigenten Arturo Toscanini, og gjorde komponisten internasjonalt kjend.[1] Verket blei gjeve ut av Casa Ricordi i 1918.[2]

Musikk endre

 
Tritonfontena i Roma.

Verket har fire satsar. Fyrste satsen skildrar ein morgon ved fontena i Giuliadalen utanfor Roma med gjetargutar som går forbi med buskapen og forsvinn i morgonskodda. I andre satsen jublar tritonar og najader frå Tritonfontena i vill dans under vasstrålane. Tredje satsen skildrar Trevifontena ved middagstid. Eit syngjande tema blir avbrote plutseleg av fanfarar, og Neptun trekkjer forbi i vogna si, dregen av sjøhestar og følgd av sirener, tritonar og najader. Fjerde satsen målar ei aftanstemning ved fontena i Villa Medici. Ein roleg melodi kan høyrast over det plaskande vatnet.[3]

Satsar endre

  1. La fontana di Valle Giulia all'Alba
  2. La fontana del Tritone al mattino
  3. La fontana di Trevi al pomeriggio
  4. La fontana di Villa Medici al tramonto

Kjelder endre

  1. «(Program notes)» (PDF). University of Washington Symphony Orchestra. 2007. Henta 7. april 2020. 
  2. «Fontane di Roma (Respighi, Ottorino) - IMSLP/Petrucci Music Library: Free Public Domain Sheet Music». imslp.org (på engelsk). Henta 10. oktober 2017. 
  3. Musiklexikon. AB Kulturhistoriska Förlagen Göteborg. 1982