Ottorino Respighi

italiensk komponist

Ottorino Respighi (9. juli 187918. april 1936) var ein italiensk musikar, dirigent, komponist og musikkpedagog fødd i Bologna. Han kan knyttast til seinromantikken og impresjonismen.[1]

Ottorino Respighi

Fødd9. juli 1879
FødestadBologna
Død18. april 1936 (56 år)
DødsstadRoma
FødenamnOttorino Respighi
OpphavKongedømet Italia
Aktiv1893–1936
SjangerTonedikt, impresjonisme
Instrumentfiolin, bratsj
Verka somkomponist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, universitetslærar, bratsjist
FarGiuseppe Respighi
Gift medElsa Respighi

I Italia blir han hugsa som operakomponist, men i resten av verda stammar ryet hans frå ei rekkje symfoniske dikt og orkestersuitar. Han er hovudsakleg kjend for Fontane di Roma, Pini di Roma og Feste Romane, men skreiv t.d. òg ein symfoni.

Respighi var lærar ved Santa Cecilia-akademiet i Roma frå 1913, og direktør frå 1924 til 1926.[1]

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Respighi var fødd i 1879 i Via Guido Reni, eit leilegheitskompleks ved sida av Palazzo Fantuzzi i Bologna. Han var det tredje og yngste barnet til Giuseppe og Ersilia (f. Putti) Respighi, og hadde ein middelklasseoppvekst med systera si Amelia; broren Alberto døydde ni år gammal.[2] Giuseppe var tilsett i postvesenet, men var også ein dyktig pianist som hadde studert med Stefano Golinelli og undervist i musikk ved Accademia Filarmonica di Bologna.[3] Ersilia var frå ein familie av utmerka bilethoggarar. Farfaren til Respighi var fiolinist og organist ved domkyrkja i dagens Fidenza.[3][4][5]

Musikar, komponist og lærar endre

Respighi studerte fiolin og bratsj ved Liceo Musicale i Bologna frå 1891 til 1899.[6] Han fekk ei stilling som fyrstebratsjist ved St Petersburg operaorkester i 1900.[6] I Russland møtte han Nikolaj Rimskij-Korsakov, som han studerte komposisjon med.[6] Seinare studerte han også komposisjon hjå Max Bruch i Berlin (1902).[6] I 1905 fullførte Respighi den fyrste operaen sin, den komiske Re Enzo.

I 1906 gjorde Respighi ferdig den fyrste av mange transkripsjonar av stykke frå 1600- og 1700-talet. Hans versjon av Lamento d'Arianna av Claudio Monteverdi for røyst og orkester blei den fyrste internasjonale suksessen hans då han framførte stykket under ei vitjing til Berlin i 1908. Påverknaden frå tysk musikk er tydeleg i den andre operaen hans Semirâma, som var det fyrste verket til Respighi som fekk ei profesjonell oppføring.[7][3] Operaen hadde premiere ved Teatro Comunale i november 1910, og hadde betydeleg suksess. To år seinare skriv kritikaren Giannotto Bastianelli at stykket markert ein overgang i stilen til Respighi frå verismo til dekadentisme, og lovprisa bruken av rik polyfoni.[8]

I januar 1913 drog Respighi frå Bologna til Roma for å bli professor i komposisjon ved Liceo Musicale di Santa Cecilia. Nokre av studentane hans var komponistane Vittorio Rieti, Ennio Porrino og Daniele Amfitheatrof, dirigentane Antonio Pedrotti og Mario Rossi, pianisten Pietro Scarpini og organisten Fernando Germani.[3][7] Men den travle, masande atmosfæren i byen plaga Respighi, som fann det stadig vanskelegare å undervisa og komponera. Han blei tilbaketrekt og leid av heimlengsel og søvnplager.[9]

Etter eit nytt besøk til Tyskland i 1913, der han hadde fleire framføringar, fokuserte Respighi på undervising. Ein av dei nye studentane hans var 19 år gamle Elsa Olivieri-Sangiacomo, som var 14 år yngre enn han. Dei to starta eit forhold, og gifta seg i januar 1919.[10][11] Paret delte ei begeistring for gregoriansk song, og Respighi bad ofte Elsa om å synga monodiar for han, av og til så lenge som i to timar.[12] Frå 1921 budde dei i ein leilegheit i Palazzo Borghese som dei kalla I Pini.[13][14]

I mars 1917 hadde det fyrste tonediktet hans for orkester, Fontane di Roma, premiere ved Teatro Augusteo i Roma. Respighi blei skuffa over den lunkne mottakinga, og bestemte seg for å prøva å skriva ein oppfølgjar som kunne ha større suksess.[15] I desember 1917 hadde den fyrste av tre orkestersuitar, Antiche arie e danze, også premiere i Roma. Kvar suite inneheld frie transkripsjonar av luttmusikk frå 1500-talet av ulike italienske komponistar. Den einaste kopien av notane forsvann etter konserten, og Respighi blei nøydd til å skriva han opp at ved hjelp av notane til dei ulike instrumenta.[16] Han arrangerte balletten La Boutique fantasque ut frå stykke av Rossini for Diaghilev i 1919.[17] I 1922 skreiv Respighi eventyroperaen La bella dormente nel bosco for marionetteselskapet til Vittorio Podrecca.[3]

Respighi var blitt kjend med forfattaren og journalisten Claudio Guastalla i 1921, i det som skulle bli eit varig vennskap og partnerskap. Respighi skreiv den komiske operaen Belfagor med libretto av Guastalla, med premiere i Milano i april 1923. Guastalla skreiv librettoa for alle dei fire følgjande operaen til Respighi, og påverka også utviklinga av nokre av dei ikkje-operatiske verka hans.[7]

Seks år etter Fontane di Roma fullførte Respighi oppfølgjaren Pini di Roma, som hadde premiere ved Augusteo i desember 1924. Det blei eit av dei best kjende verka hans.[18] I tonediktet Vetrate di chiesa frå 1925 nytta han fragment av gregoriansk song.[17]

Ottorino og Elsa Respighi drog ut på fleire internasjonale konsertturnear. I mai 1927 vitja dei Brasil, der Respighi heldt ei rad konsertar med eigen musikk i Rio de Janeiro. Den lokale musikkstilen og skikkar inspirerte Respighi, som skreiv eit orkesterverk med tre satsar han kalla Impressioni Brasiliane.[19] I september 1927 dirigerte Respighi urframføringa av Trittico Botticelliano, eit orkesterverk med tre satsar inspirert av tre måleri av Sandro Botticelli i Wien. Han dediserte det til den amerikanske pianisten Elizabeth Sprague Coolidge, som var støttespelar for verket.[20] Respighi blei populær for verk som bygde på musikk av barokke og tidlege klassiske komponistar, som i suiten Gli uccelli (1927), med basis i musikk inspirert av fuglar frå tidlegare komponistar.[17]

 
Respighi i 1935

I november 1928 drog Respighi til Amerika for å spela piano ved urframføringa av Toccata per pianoforte e orchestra i Carnegie Hall, med Willem Mengelberg som dirigent for New York Philharmonic Orchestra.[21] Ved slutten av året hadde Respighi fullført det tredje romerske tonediktet sitt, Feste Romane, som han skreiv på berre ni dagar. Det blei urframført 21. februar 1929 i Carnegie Hall med Arturo Toscanini som dirigent for New York Philharmonic.[22] Det blei urframført i Italia den 17. mars. Med dette verket meinte Respighi at han hadde oppnådd den maksimale sonoriteten og fargen til eit orkester, og vigde seg heretter til å skriva verk for mindre ensemble.[23]

Respighi sin opera La fiamma, laust basert på Hans Wiers-Jenssen sitt skodespel Anne Pedersdotter, blei urframført ved Teatro dell'Opera di Roma i januar 1934, med komponisten som dirigent. I juni 1934 drog ekteparet Respighi til Argentina, der Respighi dirigerte same operaen.[24] Deretter vitja dei Uruguay, der det blei halde fleire orkesterkonsertar på radio.[25] Det siste fullførte verket til Respighi var ein transkripsjon av Didone, ein kantate av Benedetto Marcello.[26]

I 1935 leid Respighi av sjukdom, og måtte avlysa fleire planar. I november hadde han fullført ei pianoskisse og det meste av orkesterarrangementar til den neste operaen sin, Lucrezia. Ved slutten av leid Respighi av feber og trøyttleik, og i januar 1936 blei det funne streptokokkbakteriar (S. viridans) i blodet hans. Han blei diagnostisert med endokarditt, ein bakterieinfeksjon som ikkje kunne lækjast på den tida.[27][28] Respighi fekk fleire blodoverføringar og eksperimentelle behandlingar mot sjukdommen, men døydde i april 1936, 56 år gammal.

Han låg på paradeseng i Santa Maria del Popolo i Roma til våren 1937, då han blei gravlagd ved Certosa di Bologna, ved sida av diktaren Giosuè Carducci og målaren Giorgio Morandi.[29][30] Lucrezia blei fullført av Elsa Respighi og den tidlegare eleven til Respighi, Ennio Porrino, i 1937.

Verk i utval endre

Opera endre

  • Re Enzo (1905)
  • Semirâma (1909)
  • Marie Victoire (fullført i 1913, fyrst sett opp i 2004)
  • La bella dormente nel bosco (1922)
  • Belfagor (1923)
  • La campana sommersa (1927)
  • Maria egiziaca (1932)
  • La fiamma (1934)
  • Lucrezia (1937), opera i 1 akt (fullført posthumt av kona, Elsa Respighi, og eleven hans Ennio Porrino)

Andre endre

  • Symfoni "Sinfonia dramatica" (1914) - for orkester
  • Fontane di Roma (1916), symfonisk dikt for orkester
  • Pini di Roma, (1924), symfonisk dikt for orkester
  • Feste Romane (1928), symfonisk dikt for orkester
  • Fuglane (1928) - for orkester
  • Klaverkonsert (1902) - for klaver og orkester
  • Fiolinkonsert (1903) - for fiolin og orkester
  • 3 suitar Antiche danze ed arie (Gamle dansar og ariar) (1917, 1923, 1932) - for orkester
  • Brasilianske impresjonar (1928) - for orkester

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Ottorino_Respighi» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Webb 2019, s. 2–3.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Bernardoni, Virgilio. «RESPIGHI, Ottorino: Dizionario Biografico degli Italiani - Volume 87 (2016)» (på italiensk). Treccani. Henta 19. november 2023. 
  4. Ottorino Respighi: A Dream of Italy 1982, 13:12–13:43.
  5. Respighi 1962, s. 7.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Respighi, Ottorino». Who's Who in the Twentieth Century (på engelsk) (Oxford University Press). 2003. ISBN 978-0-19-280091-6. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Waterhouse 2001, "1. Life".
  8. Webb 2019, s. 33.
  9. Ottorino Respighi: A Dream of Italy 1982, 28:27–29:14.
  10. Webb 2019, s. 61, 85.
  11. Composer of the Week 2014, 17:58–18:31.
  12. Roos, James (19. august 1979). «Life With Respighi». The Miami Hearald. s. 2L. Henta 17. november 2023 – via Newspapers.com. 
  13. Composer of the Week 2014, 12:10–12:50.
  14. Webb 2019, s. 129.
  15. Webb 2019, s. 69–70.
  16. Webb 2019, s. 72.
  17. 17,0 17,1 17,2 Nagley, Judith; Parker, Roger (2011). «Respighi, Ottorino». The Oxford Companion to Music (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-957903-7. doi:10.1093/acref/9780199579037.001.0001/acref-9780199579037-e-5598?rskey=0soehw&result=2. 
  18. Nagley, Judith; Parker, Roger (1. januar 2011). «Respighi, Ottorino» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-957903-7. 
  19. Impressione brasiliane (Brazilian… | Details | AllMusic
  20. Di Vittorio, Salvatore (2014). Respighi - Serenata • Trittico botticelliano • Gli uccelli • Suite in G major. Chamber Orchestra of New York. Naxos Records. 8.573168. Henta 26. oktober 2020. 
  21. «RESPIGHI AS A PIANIST; Noted Composer to Play His New Toccata at Philharmonic Concert This Week». The New York Times. 25. november 1928. ISSN 0362-4331. Henta 24. oktober 2021. 
  22. Composer of the Week 2014, 36:05–36:20.
  23. Blain, Terry (29. juni 2012). «Respighi, Ottorino: The Roman Visionary». BBC Music Magazine. Henta 26. oktober 2020 – via Classical-Music.com. 
  24. Webb 2019, s. 197.
  25. Webb 2019, s. 198.
  26. «RESPIGHI: Aretusa / La Sensitiva / Il Tramonto». 
  27. Webb 2019, s. 204.
  28. Millar, Beverley; Moore, John (2004). «Emerging issues in infective endocarditis. Emerging infectious diseases, 10(6)». Emerging Infectious Diseases 10 (6): 1110–1116. PMC 3323180. PMID 15207065. doi:10.3201/eid1006.030848 (uverksam 31. januar 2024). 
  29. Webb 2019, s. 205.
  30. «Inaugurazione lapide Respighi (Engl)». Luigi Verdi. mai 2000. Henta 19. november 2023. 

Bibliografi

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.