Fosna-Hensbacka-kulturen

Fosna-Hensbacka-kulturen viser til den tidlegaste busetjinga på norsk og svensk område. Fosnakulturen er eit eldre omgrep som er brukt i litteraturen.

Fosna-Hensbacka-kulturen blir datert til tidleg mesolitikum, eller mellomsteinalder, som var frå rundt 10 500 til 6200/7600 før notid. Dei fyrste tusen åra blir ofte omtalte som «pionerfasen» eller pionerbusetjinga.

Utbreiing endre

Det finst spor etter Fosna-Hensbacka-kulturen langs heile norskekysten. Dei siste 20 åra har gitt stadig fleire funn, og dei kan no daterast betre. Det er ein større konsentrasjon av funn frå Fosnakulturen på kysten av Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Tilsvarande bustader finst på svensk side, sørover Västkusten ned mot Göteborg. Der blir dei samanfatta under namnet Hensbackakulturen. I Nord-Noreg blei liknande og samtidig steinalderkultur kalla for Komsakulturen, men dette er no dei fleste forskarar på veg bort frå.

Tidlegare kjende ein berre til Fosna-lokaliteter frå kysten, men undersøkingane i dei siste tiåra {Linn Johannessen, "Ahrensburgkulturens Lokalitetsplassering" 2009} har vist at Fosna-folket tidleg flytta inn i innlandet og på høgfjellet (langs strendene til fjellvatn). Neddemte fjellvatn som vaskar fram dei tidlegare buplassane og arkeologiske undersøkingar har avdekt fleire tidlege buplassar frå perioden i fjellet. Nokre har dateringer som er vel så tidlege som dei ved kysten.[1] Det finst òg nokre få funn frå indre fjordstrøk som kan tyda på ein sesongbasert bruk av landskapet.

Strandlinjene endre

Eit svært karakteristisk trekk for Fosna-buplassane langs kysten er at dei er knytte til strandlinjene. Arkeologane går ut frå at steinalderjegerane la buplassane sine ved eller nær strandlinja, og at heile levemåten var knytt til ressursane i havet. Funnplassane kan langt på veg daterast etter strandlinjene: Jo høgare over dagens havnivå, jo eldre er buplassen. I istida var landa pressa ned av isen, og etter at isen trekte seg tilbake har landet heva seg – først raskt, og så seinare. Dei eldste Fosna-buplassane (10 000-8000 f.Kr.) finn ein derfor høgare i terrenget enn dei yngre buplassane frå t.d. Nøstvet-tid.

Typiske funn frå Fosna-Hensbacka-plassane endre

Dei typiske funna på ein Fosna-Hensbacka-plass er grovt tilhogde flintreiskapar og store mengder avfallsflint etter reiskapstilverking. Einegga pilespissar, mikrolittar og skive- og kjerneøkser er karakteristiske reiskapstypar. Det mest nytta råstoffet er flint, særleg i Sør-Noreg. Flekketeknikken er dominerande.

Forskingshistorie endre

Dei fyrste funna frå Fosnakulturen blei gjort av Anders Nummedal i 1909, ved Voldvatnet på Nordlandet i Kristiansund. Nummedal var geolog av utdanning, og det var under studiet av strandlinjene frå tida etter istida at han oppdaga flint som måtte vera tilgjort av menneske. I dei følgjande åra gjorde han eit stort registreringsarbeid, og påviste tilsvarande buplassar på Nordvestlandet, vidare sørover langs vestlandskysten og i Oslofjord-området. Då det vart klart at desse buplassane var delar av eit større funnkompleks, blei dei oppkalla etter dei fyrste funna ved Kristiansund. Her brukte ein det alternative namnet på byen, Fosna, etter ladestaden Lille-Fosen. Flintplass-kulturen er òg eit namn som er brukt om Fosnakulturen.[2]

Frå byrjinga har det vore debatt om opphavet til fosnakulturen og datering. I Karl Rygh sin fyrste publikasjon i 1911 knyter han funna til den sørskandinaviske ertebøllekulturen. Nummedal argumenterte for at dei måtte vera eldre enn som så. Han kunne likevel ikkje påpeika nokon direkte parallell til funn på kontinentet, så han postulerte at fosnafolket hadde opphavet sitt på nordsjøfastlandet Doggerland.

Seinare er det kome til eit mykje større materiale å bygga på, og heilt andre dateringsverktøy enn dei tidlege forskarane. Dette er grunnen til at ein i dag kan trekka parallellar til grupper på kontinentet. I den fyrste pionerfasen har særleg ahrensburgkulturen vore trekt fram som ein klar parallell. Men ein skal hugsa på at alle desse tidligmesolittiske «kulturane» (ahrensburg-, fosna-, hensbacka- og maglemosekulturen) er nasjonale konstruksjonar frå vår eiga tid, og har svært lite å gjera med korleis menneske på denne tida oppfatta seg sjølv.

Nyare funn endre

Etter arbeidet til Nummedal er det gjort svært mykje på dette feltet. På 1960-talet undersøkte Erling Johansen tre buplassar på Høgnipen i Rakkestad i Østfold, som lenge blei ståande som dei eldste buplassane i Noreg frå ca. 9600 BP (buplassane på Høgnipen kan daterast kalibrert til ca. 9000 BP).[3] I 1992 blei det grave ut ein buplass ved GaltaRennesøy i Ryfylke som er datert til mellom 10500 og 9300 BP (kalibrert ca. 9400 BP). Ein må merka seg at det er betydeleg slingringsmonn i dateringa.

I Møre og Romsdal blei det gjort store nye funn frå fosnakulturen frå 1990 og fram til 2007 på Tjeldbergodden i Aure kommune, ved Nyhavna på Gossen i Aukra, ved Hestvikholmane i Averøy og ved Kvernberget og Orvikan på Nordlandet i Kristiansund. Alle funna kom av arkeologiske utgravingar i samband med utbyggingar for olje- og gassverksemda på sokkelen utanfor Midt-Noreg, og dessutan utbygging i samband med transport, næring og industri. Undersøkingar ved Reinsvatnet i Sunndal kommune i 2006/2009 avdekte fleire buplassar, ein av dei (R1) med C14-datering på 10900-10430 BP.[1]

I Vestfold blei det gjort funn frå fosnakulturen i 2007 langs traséen for den nye E18 på strekninga frå Farriseidet ved Larvik til Langangen i Porsgrunn. Desse funnstadane blei gravne ut i 2007 og 2008 Ein av desse buplassane, Pauler 1, er daterte til temmeleg nøyaktig 10200 BP (kalibrert ca. 9800 BP), og blir derfor rekna som den eldste buplassen som er funnen i Noreg.[4]

I 1994 kom det fram eit nærast unikt funn av delar av tre menneskeskjelett ved Hummervikholmen utanfor Søgne i Vest-Agder (jfr. Søgnekvinna). Det eldste er datert til 9910-9600 BP, og høyrer til fosnakulturen.

I Agder blei det gjort utgravingar i i 2014 og 2015 langs ein ny E18-trasé på strekninga Arendal-Tvedestrand, m.a. på Sagene i Austre Moland og ved Kvarstad i Tvedestrand.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Callanan, Martin (2008). «Reinsvatnet 1 - Midt-Norges eldste fjellboplass». Leikvin, Årsskrift for Sunndal museumslag. 
  2. Guttorm Gjessing. Kristiansunds historie b.I s.17
  3. "Østfolds historie", bind 1 Øst for Folden, Ellen Anne Pedersen, Frans-Arne Stylegar og Per G. Norseng. Østfold fylkeskommune, 2003.
  4. "E18 Brunlanesprosjektet" (pdf), Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo, 2008.

Litteratur endre

  • "Østfolds historie", bind 1 Øst for Folden, Ellen Anne Pedersen, Frans-Arne Stylegar og Per G. Norseng. Østfold fylkeskommune, 2003.
  • "E18 Brunlanesprosjektet" (pdf), Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo, 2008.
  • Rygh, Karl: Stenaldersfund i Ytre Nordmøre. De Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter no. 10, Trondhjem 1911
  • Mehlum, Marit Holme: Historien om oppdagelsen av de første Fosnaboplassene i Kristiansund. Årbok for Nordmøre Museum 1995.
  • Bjerck, Hein B.: Artikkel Fosnakulturen i Hedeager & Østmo: Norsk arkeologisk leksikon, Pax 2005 ISBN 82-530-2611-0
  • Fuglestvedt, Ingrid: Phenomenology and the Pioneer Settlement on the Western Scandinavian Peninsula. Bricoleur forlag, Göteborg 2009
  • Johannessen, Linn: Ahrensburgkulturens lokalitetsplassering. 2009