Komsakulturen er ei nemning for arkeologiske funn frå eldre steinalder i Finnmark og på Kola.[1] Denne vart fyrst påvist av Anders Nummedal i 1925 og har fått namn etter dei fyrste buplassane funne på Komsafjellet i Alta.[1] Russiske arkeologar har funne lokalitetar på Kola datert til 8 000–7 000 år før vår tid.[1] Ein antek at desse funna kjem frå innvandring frå Finnmark.[1] Truleg har komsakulturen spreidd seg nordover langs norskekysten.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Solberg, Bergljot (23. august 2023). «Komsakulturen». Store norske leksikon (på norsk).