Fredericia er ein hamneby ved LillebæltJylland i Danmark. Byen har 40 814 ibuarar i 2021, og er administrasjonssenter i Fredericia kommune.

Fredericia
by
Land  Danmark
Folketal 41 243 (1. januar 2023)
Kart
Fredericia
55°33′52″N 9°45′35″E / 55.564444444444°N 9.7597222222222°E / 55.564444444444; 9.7597222222222
Wikimedia Commons: Fredericia
Statua Landsoldaten er til minne om Slaget i Fredericia 6. mai 1849.

Fredericia er ein industriby med mellom anna Danmarks største bryggeri (i Carlsberg-gruppa). Havsdjupna i Lillebælt er årsaka til at Fredericia hamn er Danmarks største godshamn. Jarnbane-stasjonen er eit sentralt punkt i «Trekantområdet Danmark», eit tett samarbeid mellom åtte kommunar i denne delen av Jylland. Fredericia har fleire museum.

Soge endre

Byen vart grunnlagt i 1649 då kong Fredrik III ville bygge ei festning for Jylland og trygge sambandet mellom Jylland og dei danske øyane. Bykjerna er innretta som festning og er prega av mange låge hus, kyrkjer utan tårn og rettvinkla gater. Fredericia fekk visse privilegium som trusfridom, asylrett og liknande. Så frå 1682 til 1849 var byen tilfluktsstad for religiøst forfylgde utlendingar, i særleg grad hugenottar og jødar. Festninga var lagt ned i 1909 og festningsområdet er i dag nasjonalt minnesmerke. Trinitatis kirke er frå 1689-90.

Fredericia er venskapsby med Kristiansund.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fredericia