Fyrstikkarbeidarstreiken

Fyrstikkarbeidarstreiken var ein streik utført i oktober 1889 av kvinnelege arbeidarar ved Bryn og Grønvolds fyrstikkfabrikkar i Kristiania. Bakgrunnen for streiken var dårlege arbeidstilhøve og låg løn, men den utløysande årsaka var eit lønnskutt på 20 %.

Plakat om folkemøte

Dei kvinnelege fyrstikkpakkarane la spontant ned arbeidet for å visa kor lite nøgde dei var med avgjerda. Deretter danna dei si eiga fagforeining på eit møte i Lakkegata 3, den 28. oktober 1889.

Arbeidarpartiet, særleg redaktøren for Social-Demokraten Carl Jeppesen, bidrog til å få streiken inn i organiserte former. Arbeidarane sette fram krav om fast arbeidstid frå 7 til 21, garantert løn (7 øre pr. gross for ramme og 6 1/2 øre for skuffpakning), og at mulktsystemet skulle bli avskaffa.

Mulktsystemet var innført av mange fabrikkeigarar for å stramma inn disiplinen og auka kontrollen med arbeidarane. Fyrstikkarbeidarane i Kristiania fekk hele vekeløna redusert med 10 % dersom dei kom for seint på arbeid måndag morgon. På verkstadane i byen vart det vanleg å stenga portane presis klokka 7. Dei som kom for seint slapp ikkje inn før klokka 12.30, og mista dermed ei halv dagløn.

Den 31. oktober 1889 vart det arrangert eit stormøte i Arbeidersamfundet der legen Oscar Nissen skildra tilhøva arbeidarane levde og arbeidde under. Støttespelaren Bjørnstjerne Bjørnson deltok òg på møtet. Mange andre kunstnarar gav inntekter frå sine framføringar til dei streikande, og det vart starta fleire innsamlingar. Til og med ein aksjonær i ein av fabrikkane sende streikebidrag. Den 24. november gjekk over 10 000 menneske i demonstrasjonstog, og endå fleire samla seg på Etterstadsletta same dagen. Der vart det vedteke ein resolusjon til regjeringa om å ta større omsyn til arbeidarane sine krav om vern mot helsetrugande industriell verksemder.

Trass i streikebidrag som til slutt kom opp i nesten 14 000 kroner, trass i ein nesten overveldande støtte og sympati frå vide kretsar, måtte kvinnene til slutt kapitulera og venda tilbake til arbeidet utan særleg større resultat enn løfte om betre lønn frå årsskiftet.

Streiken var forut for si tid. Han tok moderne verkemiddel som fagleg organisering og skikkeleg streikeleiing i bruk. Konflikten resulterte i ein kongeleg resolusjon året etter med forskrifter for fyrstikkfabrikkane som inneheldt forbod mot å eta mat i produksjonslokala, betre hygiene blant dei tilsette, og betre ventilasjon i fabrikklokala.

Filmregissøren Olav Dalgard, ein føregangsmann innan arbeidarfilmen, laga filmen «Gryr i Norden» i 1939 om fyrstikkarbeidarstreiken.

Bakgrunnsstoff endre