Gabbro er ein magmatisk bergart, ein djupbergart, også kalla intrusiv storkingsbergart, danna av høgt trykk og høg temperatur. Steinen er sett saman av jarn, plagioklas, mørk pyroksen, amfibol og olivin. Gabbro er ein basisk bergart.

Gabbro

Gabbro
Kjenneteikn
Gruppemagmatisk
Hovudmineralplagioklas, pyroksen,
jarn, amfibol, olivin
Identifikasjon
Bruksområdebygningsstein
Tettleik2,85
Grå lyngengabbro frå ein steinmur ved ferjekaia på Lyngseidet.

Gabbro vert og kalla «svart granitt» somme tider, men dette er eit geologisk ukorrekt namn. Den mørke fargen kjem av eit stort innhald av jarn saman med det mørke pyroksenet. Gabbro er kvit og svartspetta, og ofte med noko brunt eller grønt. Steinen er massiv og ganske grovt korna. Nokre gongar har gabbro ei lagdeling, gjerne med koronastruktur.

Gabbro kan vere svakt metamorf, da har berget tydelegare lyse og mørke band, eller meir grøne fargar. Dette kjem av at plagioklasen endrar seg til klinozoisitt, albitt og kalsitt. Klinopyroksen endrar seg til kloritt.

Gabbro vert brukt til bygningsstein, golv, trapper, fasadar og liknande. Sjeldnare som gravstein.

Gabbro er vanleg mange stadar i Noreg, men finst sjeldan i store førekomstar. Fleire stader har det vore, eller er, verksemd med steinbrot.

Anorthositt endre

Anorthositt er ein variant av gabbro. Det er ein plagioklas bergart, danna frå ein gabbrosmelte, i ein eigenarta danningsprossess. Ved Egersund har det vore steinbrot på denne bergarten. Steinen kan nokre gongar ha labradorisering, som er ei lysbryting i bergarten. Denne lysbrytinga oppstår i lommer av to typar plagioklas. Desse samansmelta lamellane er små og først synlege i elektronmikroskop.

Peridotitt endre

Peridotitt er ein variant av gabbro som er svært rik på olivin og pyroksen.

Kjelder endre