Robert William Gary Moore (4. april 19526. februar 2011) var ein blues-gitarist og songar frå Belfast i Nord-Irland.

Gary Moore

Fødd4. april 1952
FødestadBelfast
Død6. februar 2011 (58 år)
DødsstadEstepona
FødenamnRobert William Gary Moore
OpphavStorbritannia
Aktiv1969–2011
Sjangerrock, bluesrock, hardrock, tradisjonell metal, jazz-fusion, blues
Instrumentgitar, Gibson Flying V, Fender Stratocaster, Jackson Soloist, vokal
Stemmetypebaryton
PlateselskapVirgin Records
Verka somgitarist, musikar, låtskrivar, musikkprodusent, songar, plateartist

Karriere endre

Moore fekk sin fyrste gitar som åtteåring. Sjølv om han var venstrehendt, lærte han å spela på den «normale» måten med høgrehanda mest i bruk. I 1969 flytte han sørover til Dublin og vart med i bandet Skid Row der. Det var her samarbeidet hans med Phil Lynott tok til. Skid Row gav mellom anna ut albuma Skid i 1970, og 34 Hours i 1971.

I 1973 gav Moore ut sitt fyrste soloalbum, Grinding Stone, med hjelp frå Lynott. Om lag på same tida overtok han som gitarist etter Eric Bell i bandet Thin Lizzy, som var stifta av Phil Lynott. Han var med i Thin Lizzy gjennom heile syttitalet før han valde å fylgja solokarrieren sin. Han gav ut ei heil rekkje med soloalbum frå 1973 til 2008, og er i dag mellom anna kjend for hitsa Parisienne Walkways, Still Got the Blues og Over the Hills and Far Away.

I løpet av karrieren sin har han samarbeidd med svært mange artistar, til dømes B.B. King, George Harrison, The Beach Boys, Ozzy Osbourne, og komponisten Andrew Lloyd Webber. Han har også delteke på Notodden Bluesfestival, der han også etter planen skulle ha spelt sommaren 2011.[1]

Moore vart funnen død på eit hotellrom i Estepona i Spania i februar 2011. Han døydde truleg medan han sov.

Diskografi endre

Studioalbum

  • Grinding Stone (1973)
  • Back on the Streets (1979)
  • G-Force (1980)
  • Gary Moore (1982)
  • Corridors of Power (1982)
  • Victims of the Future (1984)
  • Dirty Fingers (1984)
  • Run for Cover (1985)
  • Wild Frontier (1987)
  • After the War (1989)
  • Still Got the Blues (1990)
  • After Hours (1992)
  • Blues for Greeny (1995)
  • Dark Days in Paradise (1997)
  • A Different Beat (1999)
  • Back to the Blues (2001)
  • Power of the Blues (2004)
  • Old New Ballads Blues (2006)
  • Close As You Get (2007)
  • Bad for You Baby (2008)

Live-album

  • Live at the Marquee (1983)
  • We Want Moore! (1984)
  • Rockin' Every Night - Live in Japan (1986)
  • We Want Moore Jagger - Live at the British National Music Day, 28 June, 1992 - Hammersmith Odeon, London, UK
  • Blues Alive (1993)
  • Live At Monsters Of Rock (2003)
  • Live At Montreux DVD [The Definitive Montreux Collection] (2007)

Sjå òg kategorien Gary Moore-songar.

Kjelder endre

  • Engelsk Wikipedia og Bokmålswikipedia om Gary Moore, henta inn 7. februar 2011.

Referansar endre