Gilboa regionale kommune

Gilboa regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית הגלבוע, Mo'atza Azorit Gilbo'a) er ein regional kommune nord i Israel, i fjellsida av Gilboa. Det bur kring 22 000 innbyggjarar her fordelt på 38 busetjingar. Storleiken på kommunen er kring 250 000 dekar.

Gilboa regionale kommune
regional kommune
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°33′01″N 35°23′42″E / 32.55028°N 35.39500°E / 32.55028; 35.39500
Areal 25 km²
Folketal 22 000
Kart
Gilboa regionale kommune
32°33′01″N 35°23′42″E / 32.550277777778°N 35.395°E / 32.550277777778; 35.395
Wikimedia Commons: HaGilboa Regional Council

Han grensar i nord og vest til Jezreeldalen og Jezreeldalen regionale kommune, i sør til Samariafjella og i aust til Beit She'an-dalen og Beit She'an-dalen regionale kommune.

Gilboa fengsel.

Historie endre

Gilboafjella som grensar til Jezreeldalen frå sør og Beit She'an-dalen få vest dannar ein del av vasskiljet i Israel. I 1921 bygde 75 mann frå arbeidsgruppa til Joseph Trumpeldor ein teltleir nær Ma'ayan Harod. Dei fleste av dei var emigrantar til Israel under den andre Aliyah, og somme kom i den tredje Aliyah. Somme av dei var medlemmar av Hashomer. Programmet gjekk ut på å «bygge opp landet med eit generelt kollektiv av israelske arbeidarar.» Etter to månader kom ei gruppe til i dei austlege område Jezreeldalen og slo seg ned på åsen Tel Hassan, som no heiter Tel Yosef. Dei andre busetjingane vart bygde seinare.

Busetjingar endre

Busetjingar i Gilboa regionale kommune:

Kibbutzar

Moshavar

Fellesbusetnader

Arabiske landsbyar

Tidlegare landsbyar

Økonomi endre

Jordbruk endre

Det vert drive mykje forskjellig jordbruk i kommunen. Det vanlegaste er bomull, kveite, drivhus og andre industrielle plantasjar, blomar, åkrar, fisketjern, kyr og kylling.

Industri endre

Kibbutzim i kommunen har bygd mange fabrikkar: Shimurim i Beit HaShita; metallhandsaming i Beit Alfa, Moledet, Ein Harod og Beit Yosef; tømmerarbeid i Beit HaShita og Ein Harod; elektronikk i Yizre'el; nøtteknekking i Geva; plastikk i Heftzibah og Ram On; trykking og ornamentering i Moledet og Tel Yosef.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre