Muqeible eller Muqeibla (arabisk مقيبلة, hebraisk מֻקֵיבִּלָה, som tyder «Frontplassen»,[1] er ein arabisk by i Israel i Nord distrikt, i Jezreeldalen mellom JeninVestbreidda og Ta'anakh-området. Han er ein del av Gilboa regionale kommune. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Muqeible ein blanda folkesetnad med kring 3 000 muslimar og kristne ved slutten av 2005.[2]

Muqeible
landsby
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°30′50″N 35°17′41″E / 32.51389°N 35.29472°E / 32.51389; 35.29472
Kart
Muqeible
32°30′50″N 35°17′41″E / 32.513888888889°N 35.294722222222°E / 32.513888888889; 35.294722222222
Wikimedia Commons: Muqeible

Historie endre

I romartida stod ein by kalla «Muqeibleh» på staden. Frå bysantinsk tid er det gjort funn av ein brunn og keramikkverkstad.[3]

I følgje ein lokal innbyggjarar vart landsbybuarane flytta her frå al-Haram-Sidna Ali-området i siste tida av Det osmanske riket.[3] Guérin skreiv på 1800-talet at landsbyen hadde 400 innbyggjarar og mange cisterner.[4] Seinare, i 1882, skildra The Survey of Western Palestine Muqeible som «ein leirsteinslandsby med cisterner.[5]

Under folketeljinga til Det britiske mandatet i 1931 hadde Muqeible 67 busette hus og eit folketal på 244 muslimar og 26 kristne.[6] I 1945 hadde Muqeible 460 innbyggjarar, all klassifisert som arabarar. Dei eigde i alt 2 687 dekar land, medan 4 441 dekar var i offentleg eige.[7]

«Hawsh» endre

Midt i landsbyen står ein stor, firkanta bygning, som liknar ein khan, med ein sentral gardsplass, 30 meter per side. På austsida er det ein liten port som fører inn i ein høg iwan. Andrew Petersen, ein arkeolog som spesialiserte seg på islamsk arkitektur, vitja staden i 1994, og noterte at murarbeidet indikerte at han vart bygd seint i osmansk tid eller tidleg i mandatperioden.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s.151
  2. 2005 ICBS Census Israelsk statistisk sentralbyrå (ICBS).
  3. 3,0 3,1 3,2 Petersen, 2001, s. 223
  4. Guérin, 1874, s.327. Òg sitert i Petersen, 2001, s.223
  5. SWP, 1882, II:45, òg sitert i Petersen, 2001, s. 223
  6. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 69. 
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.55

Bakgrunnsstoff endre