Granulært materiale

Eit granulært materiale er ei samling av åtskilde solide partiklar som tapar energi når dei kolliderer, til dømes sand, snø, kol, ris, nøtter og ulike pulver.

Transport av granulat med bulkbil.

Ut frå gjennomsnittsenergien til kvar partikkel kan granulært materiale oppføra seg som fast stoff, væske eller gass. Det skil seg likevel frå meir homogene stoff på fleire måtar:

  • Dersom materialet blir rista, kan det fordela seg skeivt, til dømes med større partiklar øvst.
  • Materialet vil ofte setja seg fast i ein flaskehals
  • Granulært materiale kan rasa ut i skred

Bakgrunnsstoff endre