Guvernement i Jordan

Jordan er delt inn i 12 guvernement (muhafazah) etter det administrative inndelingssystemet til Innariksdepartementet. I 1994 vart det oppretta fire guvernement: Jerash, Ajloun, Madaba og Akaba. Dei to førstnemnde vart skild ut frå Irbid guvernement, Madaba guvernement vart skild ut frå Amman guvernement, medan Akaba vart skild ut frå Ma'an guvernement.

Kart over guvernement i Jordan

Geografi endre

Geografisk ligg guvernement i Jordan i ein av tre regionar: Nord, sentralt, eller sør. Desse tre geografiske regionane er ikkje fordelt etter areal eller folketal, men heller geografisk samanheng og avstand mellom folkesentra. Den sørlege regionen er skild frå den sentrale regionen av fjell i Moab i Karak guvernement. Folkesentera i dei sentrale og nordlege regionane er geografisk skilde av fjella i Jerash guvernement. Samfunnsmessig dannar byane Amman, Salt, Zarqa og Madaba eit stort storbyområde, påverka av Amman. Byane Jerash, Ajloun og Mafraq er i stor grad påverka av Irbid.

Guvernement i Jordan
Guvernement Areal[1] (km²) Folketal[2] Urban[2] Landsbygd[2] Tettleik[1] (folk/km²) Adm. senter
1 Irbid 1 572 1 137,100 943 000 194 100 723.4 Irbid
2 Ajloun 420 146 900 111 500 35 400 350.1 Ajloun
3 Jerash 410 191 700 120 100 71 600 467.8 Jerash
4 Mafraq 26 551 300 300 117 800 182 500 11.3 Mafraq
Nord 28 953 1 776 000 1 292,400 483 600 61.3
5 Balqa 1 120 428 000 307 400 120 600 382.0 Salt
6 Amman 7 579 2 473,400 2 325,500 147 900 326.3 Amman
7 Zarqa 4 761 951 800 899 800 52 000 199.9 Zarqa
8 Madaba 940 159 700 114 000 45 700 170.0 Madaba
Sentralt 14 400 4 012 900 3 646 700 366 200 278.7
9 Karak 3 495 249 100 87 200 161 900 71.3 Al Karak
10 Tafilah 2 209 89 400 63 800 25 600 40.5 Tafilah
11 Ma'an 32 832 121 400 66 600 54 800 3.7 Ma'an
12 Akaba 6 905 139 200 119 700 19 500 20.2 Akaba
Sør 45 441 599 100 337 300 261 800 13.2
Totalt 88 794 6 388 000 5 276 400 (82,6%) 1 111 600 (17,4%) 71.9

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Estimated Population of the Kingdom, Area (Km2) and Population Density by guvernement, at End-year 2012» (PDF). Department of Statistics - Jordan. 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 26. desember 2018. Henta 27. desember 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Estimated Population of the Kingdom by Urban* and Rural, at End-year 2012» (PDF). Department of Statistics - Jordan. 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 27. desember 2013. Henta 27. desember 2013.