Håkon Brusveen (15. juli 192721. april 2021) var ein norsk langrennsløpar frå Vingrom i Lillehammer. Han vart olympisk meister 1960 på 15 kilometer.

Håkon Brusveen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juli 1927
Vingrom
Død

21. april 2021 (93 år)
Lillehammer kommune

Yrke langrennsløpar
Håkon Brusveen på Commons

Idrettsmann endre

Brusveen vart norsk meister fire gongar individuelt. Fyrste gongen på tremila i 1953, sidan på 15 km i 1957 og 1958, på 30 km i 1958. Under noregsmeisterskapen 1957 gjekk han Vingrom IL inn til siger i 3 x 10 km stafett.

Brusveen vann to medaljar i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: ein gullmedalje i 15 km og ein sølvmedalje i 4 x 10 km stafett. På stafetten gjekk Brusveen ankeretappen for det norske stafettlaget, saman med Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Einar Østby utgjorde han det norske mannskapet. Noreg leidde store delar av konkurransen, men etter ein knallhard spurt måtte Brusveen sjå seg slegen av finske Veikko Hakulinen med berre 0,8 sekundars margin.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Ymse endre

I 1958 vart Brusveen tildelt Holmenkollmedaljen (saman med Inger Bjørnbakken) og i 1960 fekk han Morgenbladets gullmedalje for triumfen på 15 km under vinterleikane i Squaw Valley.

Han var seinare ekspertkommentator for «Radiosporten» i NRK P1. I mange år samarbeidde han med Bjørge Lillelien som kommenterte frå langrennsstadion medan Brusveen kommenterte ute frå løypa.