Haakon Irgens

norsk stortingsrepresentant og bankmann

Haakon Irgens (13. juni 188412. juni 1973) var ein norsk bankmann som representerte kjøpstadene i Buskerud og partiet HøgreStortinget 1925-27.

Haakon Irgens
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1884
Øyer kommune
Død

12. juni 1973 (88 år)

Yrke politikar, bankier
Politisk parti Høgre

Irgens var fødd i Øyer, då far hans var prest i bygda. Han gjekk Treiders handelsskole i hovudstaden og tok i 1899 eksamen ved mellomskulen. Åra 1900-05 var han assistent ved Bergens Privatbank. Deretter arbeidde for Barmer Bank-Verein i tyske Düsseldorf, frå 1906 til -13 som assistent og 1913-15 som avdelingssjef og prokurist. I 1915 reiste han frå Tyskland til jobben som styrar for Odda Privatbank, ein filial av Bergens Privatbank. Fire år seinare tok han over som banksjef i Kongsberg Sparebank. På Kongsberg var Irgens overformyndar 1922-26 og medlem av bystyret 1922-25

Hausten 1924 vart Irgens vald til å representere dei tre kjøpstadene i Buskerud på Stortinget. Høgre-representanten var då sekretær i Protokollkomiteen. Då Høgre gjennom Stortingsvalet 1927 mista mange mandat til Stortinget 1928-30, vart ikkje Irgens attvald.

Kjelder endre