Harald Sollie

norsk politikar

Harald Bredo Sollie (17. januar 18711. mars 1947) var ein norskadvokat og offiser frå Horten som representerte partiet HøgreStortinget i periodane 1919-21 og 1925-27. Hans Sollie var ein brorson.

Harald Sollie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1871
Død

1. mars 1947 (76 år)

Yrke advokat, politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Harald Sollie var son til ein gardbrukar. Etter å ha gått middelskolen arbeidde han både i forretningar og ved postkontoret i heimbyen. Han tok så studenteksamen ved Gundersens skole i hovudstaden i 1891. Fire år seinare vart han cand. jur. frå universitetet. Åra 1896-98 var han fullmektig i Øvre Telemarkens østenfjelske sorenskriveri, og sidan hos sorenskrivaren i Mellem Jarlsberg. Frå 1899 var han medeigar i L.B. Johansens sakførarforretning i Kristiania.

Samstundes tok Sollie vare på si karriere i det militære. I 1900 vart han premierløytnant og i 1903 kaptein i Marinens intendanturkorps, medan han i tida 1901-05 fungerte som militær avhøyrsdommar i Mellem Jarlsberg. Frå 1913 til 1923 var han krigsadvokat for den norske marinen. Åra 1924-25 var han jurdisk rådgjevar ved hovudstasjonen til Marinen. Den 17. september 1925 vart han forfremja til kommandørkaptein og samstundes sjef for Marinen sitt intendantur, ei stilling han hadde til 1935.

Sollie var medlem i Horten bystyre 1907-13 og på ny frå 1925 til 1934. Han var formann 1927-46 i forliksrådet i byen og styreformann i Horten og Omegns Privatbank frå 1903 til 1939.

Sollie representerte valkrinsen Horten på Stortinget 1919-21 og kjøpstadene i Vestfold på Stortinget 1925-27. I begge tingperiodane var han medlem i Militærkomiteen. Han var elles i 1920-21 medlem i Den departementale lønnskomite av 1919.

Kjelder endre